God mat gir gode elevar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er verkeleg måltidsrytme og kostvanar gode nok? Maktar vi å gjennomføre ein lang skuledag på sjokolade til frukost?

Ei god måltidsrytme med rett type mat gjev eit stabilt blodsukkernivå, og sjansen til å hente seg og forbruke energi lenger på gode næringsmiddel. Eit høgt sukkerinntak om morgonen og til lunsj gjev ein unaturleg kortvarig energi.

Prosjekt

Desse spørsmåla førte til eit spennande prosjekt på skulen.

Undersøkingar har vist at elevane får meir uthald gjennom dagen. Dei har meir fokus, konsentrasjon og er i betre humør. Smil og latter kjem lettare, og dei er meir sosiale. Dei som et lunsj saman opplever og eit hyggjeleg og sosialt høgdepunkt midt på dagen.

Foreldre har og kommentert at dei håpefulle har betre humør, dørene heime bråkar gjerne ikkje like mykje. Dei gjer kanskje og meir lekser, og det er ein reduksjon i den «evinnelege småetinga».

Framover vil Restaurant- og matfag og levere nokre lunsjprodukt til skulekantina. Det vert og matkurs for hybelbuarane i veke ni.

Tips og flygeblad

Elevane på Kokk og servitør har no som mål å dele ut flygeblad med tips og oppskrifter til elevane på Ørsta Vidaregåande skule. Men først ville dei kvalitetssikre resultatet ved å «teste ut» matrettane og ideane om sunn mat og godt kosthald. Vise fram nokre av alternativ ein kan finne på til frukost og lunsj. For etter fleire veker med teoretiske og praktiske studie, skumle blodtrykksmålingar og forsøk med ulike sukkererstatningar var dei endeleg i mål. Dei inviterte lærarar, rådgjevingstenesta, elevrådsmedlemer og elevar til frukosttips og sunn og trendy lunsj.

Positive

Elevane fekk presentert dette som produkt og «testa» maten på ei variert målgruppe. Tilbakemeldingar: «absolutt fole gode mat», «herleg», «skikkeleg godt» «Jau, va no etande ditte», «skjøna'kje poenget med alle dissa grønsakene, men smakte no godt»

Ei variert gjestegruppe gav kort sagt varierte og berre positive tilbakemeldingar.

Suppe: Ei god suppe er ikkje å forakte.

LES SAKA I MØRE-NYTT!