Til topps på iTunes
Musikken frå Lysleite slår Disney og Hobbiten.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Etter at filmen Lysleite vart vist i si heilheit på NRK tidlegare denne månaden har også interessa for musikken frå filmen auka.
Det er Sylvia Strand frå Ulsteinvik og mannen Jonathan Gregory frå Wales står bak musikken i filmen som skildrar mørketida og lyset.
I tida etter at filmen vart vist har albumet med musikk frå filmen vore det mest solgte "soundtrack"-albumet hjå iTunes. Der sel filmmusikken frå Lysleite meir enn til dømes musikken frå Hobbiten, Les Miserables og Disney-filmen Frost.
" Ein fantastisk og ikkje minst uventa suksess, spesielt sidan vi ikkje har hatt noko marknadsføring eller blitt spelt på radio", skriv Sylvia Strand i ein epost til Vikebladet Vestposten.
Også på Youtube er musikken til Strand og Gregory svært populære. I løpet av den siste veka har dei meir enn 45.000 visningar på fire videoar.