200 sider kjærleiksdikt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Resultatet vart på 200 sider under tittelen er «Skal me leggja ein vedstabel saman. Mine beste kjærleiksdikt». I tillegg til eit utval som går heilt tilbake til 1977, er det også med åtte heilt nye dikt. Helge Torvund er poet, psykolog, leiar av diktekammeret.no i Dagbladet og ifølgje Juritzen forlag «gudfar for ein generasjon lyrikarar».

Etterordet i boka står Håvard Rem og Bjørn Eidsvåg for. Medan Rem kallar Torvund for «ein av de store kjærleiksdiktarane våre», seier Eidsvåg at Torvund «skriv vakkert, orda hans skaper bilete som rører og riv, måleri som fengslar og fangar».

Trass i at Torvund har over 40 utgjevingar bak seg, er dette andre gongen sidan 1988 verka hans er samla.

Om kva slags kjensler som framkallar dikting seier Torvund ifølgje forlaget:

– Dette er jo på ein måte eit absolutt mysterium. Det er som å vera vitne til skapingsakta. Korleis kan noko vilja verta form og korleis kan flyktige kjensler, refleksjonar, sansingar, landa i bokstavar og språk slik at andre kan ta del i dei? Korleis vert eit grasstrå til? Meir konkret: Visse rytmar, visse songar, visse sanningar kan setje meg i denne transeaktige tilstanden som vert kalla inspirasjon. Så skriv ein. Og så ser ein etterpå om det vart noko å ta vare på. (©NPK)