Lågare gass- og kolprisar er hovudårsaka til at norske vasskraftverk i dag er 600 milliardar kroner mindre verdt enn i 2008.

NPK-NTB
NPK-NTB

– Det er veldig store verdiar som har forsvunne på kort tid, seier seniorkonsulent Marius Holm Rennesund i Thelma Consulting Group til Finansavisen.

Han har saman med kollegaer rekna ut at verdien av vasskraftverka var 1.200 milliardar kroner i toppåret 2008. No er verdien altså halvert.

Ser ein vekk frå enkelte private aktørar, er det norske kommunar og staten som eig dei norske vasskraftanlegga.

– Det er tre hovudårsaker til det store verdifallet: lågare CO2-prisar, fallande prisar på kol og gass og ein endra marknadsbalanse fordi det blir bygd mykje fornybar energi, seier Rennesund. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE