– Listhaugs politikk trugar mattryggleiken

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Trugar mattryggleiken

Sidan Sylvi Listhaug (Frp) vart landbruksminister har ho overprøvd fleire jordvernvedtak.

Ministeren har gripe inn mot innseiingar frå Fylkesmannen mot nedbygging av tusen dekar til bustader i Trondheim, og mot bygginga av Ikea i ein kornåker i Akershus.

Nyleg greip også Listhaug inn mot eit jordvernvedtak på Karmøy, ifølgje Stavanger Aftenblad. Ein mann får dermed lov til å plante juletre på dyrka mark, trass i nei frå administrasjonen i Karmøy, Fylkesmannen i Rogaland og Statens landbruksforvalting. Sistnemnte er departementets eige direktorat, men ein statsråd har privilegium til å forvaltingsavgjersler opp til ny vurdering.

LES OGSÅ: – Bønder viktige i kriser og beredskap

Ifølgje Nationen er regjeringa si haldning at jordvern må vegast mot andre samfunnsinteresser i sak for sak.

Grøn Ungdom uroa over politikken
No går Grøn Ungdom hardt ut mot regjeringas landbrukspolitikk.

– Landbruksministeren har allereie rokke å lukke ute ein garanti for vern av norsk matjord. I haust kom det fram at ho ikkje vil setje i gong tiltak for å avgrense nedbygginga av det norske kornarealet og nyleg vart det klart at Listhaug har overprøvd ei rekkje lokale vedtak om jordvern. Landbruksministeren går attpåtil inn for å selje vårt største kornlager, skriv talsperson i Grøn Ungdom, Hallvard Surlien, i ei pressemelding.

Kornlageret det er snakk om, er Stavanger Havnesilo, som rommar 190.000 tonn korn. Dette skal vere omkring nok til eitt års forbruk i Noreg.

LES OGSÅ: Ap kan køyre over regjeringa ved jordbruksbrot

Samstundes som regjeringa greiar ut kva det vil koste å byggje opp att eit norsk beredskapslager for korn, legg eigarane siloen ut for sal.  Cermaq, der staten eig 59 prosent av aksjane, vil selje siloen grunna svikt i tilgang, etterspurnad og inntjening. I staden kan det verte bustader på eigendommen, ifølgje NTB.

Listhaug har avvist Senterpartiet sitt forslag om å gripe inn for å stogge salet.

– Det er ikkje regjeringa si rolle å ta styringa over eit børsnotert selskap, sa ho under Stortingets spørjetime på onsdag.

Listhaug ikkje uroa over tilgangen til mat
I spørjetimen kom det også fram at Listhaug ikkje er uroa over tilgangen til mat. I stortingsdebatten sa landbruksministeren at det ligg an til rekordproduksjon av mjøl i verda i fjor og i år.

– Vi ser at produksjonen har auka i takt med folkeveksta, sa Listhaug, ifølgje NTB.

Aps Knut Storberget reagerte på uttalinga:

– Verdas kornlager held til påske. Marknaden er svært usikker. Det er langt i frå sikkert at det globale samfunnet klarar å produsere nok, sa Storberget.

– Situasjonen er kritisk
Også Surlien i Grøn Ungdom er uroa. I motsetnad til Listhaug meiner han situasjonen er kritisk.

– Tal frå Earth Policy Institute syner at kornforbruket har vore større enn produksjonen i åtte av dei siste 13 åra. Jordbruksarealet per innbyggjar i verda er halvert dei siste 50 åra. Samstundes syner lekkasjar frå den neste rapporten til FNs klimapanel at matproduksjonen vil minske som følgje av klimaendringar, medan etterspurnaden vil auke som følgje av folkevekst, seier Surlien, som meiner dette gjer regjeringa sin politikk ekstra alarmerande.

Surlien seier at kveite står for 45 prosent av energitilføringa i kost i verda og dermed er det viktigaste produktet for mattryggleik nasjonalt og globalt.

– Å byggje ned Noregs svært avgrensa kornareal, samstundes som ein legg ned matberedskapslager er difor det suverent dummaste ein kan gjere dersom ein ønsker å løyse svoltkrisa i verda. Det er direkte uetisk å byggje ned våre kornareal, for å basere oss på import av både dyrefôr og menneskemat, seier Surlien, som meiner regjeringa trugar mattryggleiken for millionar av menneske.

– Alle land i verda som har moglegheit må utan tvil forplikte seg til å ta i bruk eigne areal for å produsere korn, meiner han.

For å sikre norsk kornproduksjon vil Grøn Ungdom for det første gjere det ulovleg å byggje ned matjord til ”alle moglege kuriøse føremål”. For det andre vil dei gjere det lønsamt å ta den norske jorda i bruk.

– Det tyder at kornprisen må opp. Her er Listhaug nøydd til å gjere endringar allereie i vårens jordbruksoppgjer, seier Surlien.

LES OGSÅ: – Ei tikkande bombe i jordbruket