FN: 2013 det sjette varmaste året

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Den globale gjennomsnittstemperaturen i 2013 stemmer med trenden vi ser om ei langsiktig oppvarming, opplyser FN-organisasjonen Den internasjonale meteorologiske organisasjon (WMO).

LES OGSÅ: Varmaste somrar på 600 år

Varmare enn varmast
Fjoråret var, til liks med 2007, det sjette varmaste som er målt sidan registreringa begynte i 1850. I 2013 var den globale landtemperaturen i tillegg til temperaturen på havoverflatene 0,5 grader varmare enn gjennomsnittstemperaturen i perioden frå 1961 til 1990, ifølgje WMO.

Temperaturen i 2007 og 2013 var også 0,03 grader høgare enn gjennomsnittstemperaturen i perioden 2001-2010, som i sin tur var eit unormalt varmt tiår, med 2005 og 2010 som dei varmaste.

Ifølgje WMO har 13 av dei 14 varmaste åra som er målte sidan 1850 vore på 2000-talet.

LES OGSÅ: Varmaste tiår i historia

Spår framleis stigning
WMO-sjef Michel Jarraud medgir at det er variasjonar frå land til land. 2013 var for eksempel det varmaste året i Australia, mens varmerekorden i USA blei sett i 2012.

– Men den underliggjande trenden er likevel ikkje til å ta feil av, seier Jarraud.

– Som følgje av dei rekordstore utsleppa av drivhusgassar i atmosfæren, vil den globale snittemperaturen fortsette å stige i mange år framover, seier han.