Sikrar ikkje mobil-bileta

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Me har «livet vårt» på mobilen. Bilete av vener, kjæraste, slekt og bryllaup. Kontaktar og telefonnummer. Likevel har berre 51 prosent lagra innhaldet på mobilen ein sikkert stad, viser ei undersøking YouGov har gjort for Telenor.

– Smarttelefonane har ført til at me har mykje meir viktig informasjon på mobilen enn tidlegare. Difor er konsekvensane òg mykje større viss telefonen blir borte eller går i stykker, seier Bjørn Ivar Moen, leiar for Telenors mobildivisjon i ei pressemelding.

Ifølgje Politidirektoratet vart drygt 28.000 mobiltelefonar stolne i fjor.

– Alle har data dei ikkje har råd til å mista, som korrespondanse og bilete. Så dei fleste mobilbrukarar burde ha lagra dataa sine, seier Torgeir Waterhouse, direktør for internett og nye medium i bransjeorganisasjonen IKT-Noreg.

Han meiner mange har for lite medvit om kor viktig det er å sikra seg mot tap av data.

– Det kan skuldast mangel på kompetanse om korleis ein gjer det, og kanskje at folk ikkje har tenkt over at det er nødvendig, seier Waterhouse.

Klok av skade
Ein av dei som ikkje hadde lagra data og bilete, er mote- og mammabloggar Tine Monsen, som står bak den populære bloggen OsloinChanel.no.

– Eg hadde aldri tenkt på å lagra før laptopen min datt i golvet. Det var umogleg å gjenoppretta innhaldet, og eg mista det meste av bileta frå bryllaupet mitt. Det var veldig trist, seier Monsen.

Automatisk lagring
Men automatisk lagring treng ikkje å vera vanskeleg.

– Som første norske mobiloperatør har me laga ei teneste som lagrar bilete og filer du har på mobil, nettbrett, PC eller Mac. Mistar du mobiltelefonen, PCen eller nettbrettet, er det berre å henta ned alt du hadde lagra frå Min Sky, som tenesta heiter, seier Bjørn Ivar Moen i Telenor.

Når dataa blir lagra i ei sky, tyder det at dei òg blir oppbevart på ein ekstern server og ikkje berre på mobiltelefon, PC eller nettbrett.