«Lokal – global i 25 år» er temaet for jubilanten Førdefestivalen til sommaren.

NPK
NPK

I 25 år har festivalen i Sunnfjord presentert musikk med røter i kulturar frå heile verda for eit breitt publikum. Temaet 2. til 6. juli i år skal illustrerer det festivalen har stått for sidan starten. Festivalen vil understreke folkemusikken som eit globalt språk.

Draumelaget frå Sogn og Fjordane
– Ikkje minst her i vårt eige fylke har vi mange musikarar som tek dei lokale musikktradisjonane på alvor. Her har vi òg hatt politikarar og byråkratar som medvite har bygd på moglegheitene i eit sterkt lokalt folkemusikkmiljø, forklarer festivaldirektør Hilde Bjørkum i ei pressemelding.

Ei langsiktig satsing frå styresmakter og frivillig musikkliv gjer at mange av dei beste folkemusikarane i landet kjem frå Sogn og Fjordane. Derfor fann Bjørkum det rett å realisere draumen om å samle dei i ein konsertproduksjon under årets festival.

Unni Løvlid, Sigrid Moldestad, Synnøve S. Bjørset, Gro Marie Svidal, Karl Seglem, Sigmund Eikås, John Oddvar Kandal, Erlend Apneseth med fleire, utgjer kremlaget på scena under konserten «Sogn og Fjordane – Draumelaget», fredag 4. juli.

Gjensyn
Programmet for jubileumsfestivalen byr også på gjensyn med populære artistar frå tidlegare festivalar. Blant desse er fadostjerna Ana Moura frå Portugal og serbiske Divna med vokalensemblet sitt, som hadde konsert i Førde kyrkje for nokre år sidan. Gjensyn vert det også med supergruppa JPP frå Finland, som stod på scena på den aller første festivalen i 1990. Jubileumsfeiringa toppar seg laurdag 5. juli, med ein gallakonsert som har tittelen «Gjensynsglede».

Heklemusikk og superkvartett
Med nordnorsk folkemusikk i botn har Hekla Stålstrenga erobra heile landet med musikken sin i kryssingspunktet mellom folkemusikk og populærmusikk. No er dei klare for festivalnatt i Førde.

Det kan kallast ein superkvartett når Gjermund og Einar Olav Larsen slår seg saman med Eldbjørg og Ragnhild Hemsing. Desse to søskenpara er på topp innan folkemusikk og klassisk musikk, og repertoaret spenner vidt. Dei blir å høyre i Førde til sommaren.

Markerer grunnlovsjubileet
I høve grunnlovsjubileet har Førdefestivalen, Riksscenen, Norsk senter for folkemusikk og folkedans og Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt teke initiativ til ei storsatsing med nokre av dei beste folkemusikarane og dansarane i Noreg. Framsyninga «Kong Nor» trekkjer liner tilbake i historia og ser på Noreg som sjølvstendig nasjon, og speglar også den skattekista musikk- og dansetradisjonane våre er. Etter urpremiere på Riksscenen i mai, vert Kong Nor vist på Førdefestivalen og i store delar av landet.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE