Her er dei beste kommunane på Facebook

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er dei beste kommunane

KS-prosjektet «Korleis kommunesektoren lukkast i sosiale medium» har analysert alle kommunane med offisielle Facebook-sider i fire månader.

– Sjølv om rangeringa berre gjev eit bilde av aktivitet på kommunen si offisielle Facebook-side frå 1. april til 1. august i 2013, så utgjer det eit viktig utgangspunkt for sjølve undersøkinga, seier Anna Holm Vågsland, som har vore fagansvarleg i KS for FoU-prosjektet.

Ho understrekar at sjølve rangeringa ikkje er det viktigaste med rapporten, men kva desse kommunane sjølv fortel om korleis dei lukkast i bruken sin av sosiale medium.

Videreføring av tidlegare arbeid
I 2011 kom KS-rapporten Beta.komm som tok tempen på kommunesektorens tilhøve til sosiale medium. Rapporten slo fast at mange var i startgropa.

– No har mange kommunar nokre års røynsle, den røynsla vil vi gjere tilgjengeleg og dela, seier Vågsland.

Facebook er enno det sosiale mediet som blir brukt mest og som blir omtalt som folkekanalen. Difor er kommunesidene på Facebook utgangspunktet for rangeringa, sjølv om FoU-prosjektet tek for seg sosiale medium generelt.

– Samstundes er Facebook den kanalen flest kommunar oppgjev at dei vil prioritera meir i tida framover. Kommunane vil òg auka ressursinnsatsen på YouTube, Instagram og LinkedIn, og dessutan kommunen si eiga nettside.

Her er rangeringa:
1. Sarpsborg
2. Kristiansund
3. Rissa
4. Fredrikstad
5. Hol
6. Bergen
7. Stjørdal
8. Malvik
9. Loppa
10. Trondheim
11. Bodø
12. Hammerfest
13. Nordreisa
14. Flekkefjord
15. Arendal
16. Ringsaker
17. Lørenskog
18. Tromsø
19. Nord-Fron
20. Lærdal
21. Søgne
22. Hamar
23. Nøtterøy
24. Røyken
25. Høyanger
26. Oppegård
27. Surnadal
28. Elverum
29. Ålesund
30. Gausdal

Faktaboks

Facebook-sidene til 225 kommunar blei vurdert utifrå 21 kriterium. Les meir om undersøkinga her!