Får isen til å brenne
Metangassen tek fyr på isen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Her brenn isen
Mange vart freista av den fine skøyteisen på Raudstadvatnet i Skjåstaddalen i helga.
Men der var noko som var meir spennande enn å sjå kven som fekk størst fart på skøytene, nemleg å sjå at "isen" kan brenne.
Det var Maria Nikkinen Rørstad og Torbjørn Saure Hoel som fekk halde litt naturfagundervisning for dei skodelystne når dei tende på såkalla "dilhål".
Organisk materiale, til dømes planter og dyr, som rotnar på botnen av vatn dannar metangass. Når vatnet blir islagd blir denne metangassen samla under isen. Og om ein då hakkar hol og tenner på – flammar det opp og brenn til gassen er brukt opp. Kor stor flamme som blir danna er avhengig av mengde gass og kor stort trykk gassen har.
LES OGSÅ: Dinosaurar feis verda varm
Torbjørn Saure Hoel fyrer på metangassen.