Smuglar bleier til Europa
Norske bleier blir stadig oftare smugla ut av landet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Smuglar norske bleier
Ved grenseovergangane våre er det eit kjent fenomen at narkotika, alkohol og tobakk blir smugla frå Europa og inn i Noreg. Men politiet og tollstasjonane oppdagar også smugling andre vegen. Då er det særleg bleier det gjeld, skriv den svenske avisa Expressen.
– Bleier er billegare i Noreg enn til dømes i Polen, seier vakthavande tollar Per Kristian Grandahl på tollkontoret ved Svinesund til avisa.
Bleiene blir kjøpt i Noreg på lovleg vis, men i og med at dei ikkje vert registrerte i tollen, er det ulovleg å ta dei med ut av landet.
Grunna låge bleieprisar i Noreg er bleie-smuglinga blitt svært lukrativt, ifølgje politiet.