Når politikken vert større enn den er

Ingrid Ophaug Dahl
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Læraren treng høgare løn

Det er heilt tydeleg at 2014 kjem til å stå i læringa sitt teikn. NHO via sin årskonferanse til «Læringslivet», og Statsminister Solberg har varsla at ho kjem til  å terpa på kunnskap, kunnskap, kunnskap. Eg er glad for at dette vert eit tema i året som kjem, det er alltid mykje som kan verte betre i utdanningssystemet vårt. Det er likevel ikkje alle delar av diskusjonen som går like konstruktivt for seg.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen uttala for ein stund sidan at han ikkje ynskja å sitte i departementet og detaljstyre universiteta sin praksis, og kva for nokre utdanningstilbod dei gjev. «Det tyder på ein overdriven tru på politikk, om ein ynskjer det.», sa han. Det er eg einig med Torbjørn Røe Isakseni. Det finst grenser for kva politikarane skal leggje seg opp i, og ein må stole på at fagfolk veit kva dei driv med.

Det paradoksale er at samtidig er politikarane sine inngrep i lærarane sin undervisningskvardag heilt ut av proporsjonar. Eg nemner i fleng: anonym retting, som nett no er eit prøveprosjekt i Rogaland, karakterar i barneskulen og stadig eit aukande rapporteringskrav. Det nyaste er at forhandlingane mellom KS og lærarane har stranda. Det som følgje av nok eit inngrep, denne gong i den fleksible arbeidstida, som lærarane har nyte godt av. Det ville kanskje gjort lærarane billegare i drift, men dei ville til gjengjeld fått mindre tid saman med elevane. No er det ikkje berre både statusen og lønna knytt til læraryrket som vert innskrenka, men også fleksibiliteten i eigen arbeidskvardag. Alt dette er døme på tiltak i skulen som politikarane meiner vil gje avkastning, men kor har politikarane henta kompetansen frå? På kva for eit nivå er dette ikkje å sitje i departementet og detaljstyre kva skulen og lærarane, skal gjere? Kvifor er det ok å gripe inn i skulen på denne måten, men ikkje i høgare utdanning? Ein skulle nesten tru at lærarane ikkje var fagfolk.

Ja, for medan dei trekk tiltak nedover hovudet på lærarane med den eine handa, planlegg dei korleis lærarutdanninga skal bli betre med den andre. Om ein konstant snakkar om etter- og vidareutdanning av lærarar bidreg ein til å styrke kjensla av at «lærarar-er-per-def-sannsynlegvis-inkompetente». Sjølvsagt er det mogleg at forandring i utdanningssystemet kan bidra til ein positiv tendens i skulen. Men samstundes må ikkje det evige maset om etterutdanning forbli eit høve til å snakka dagens læraryrke ned.

Ein snakkar stadig om eit lærarløft – lenger utdanningsløp og dermed meir kompetente lærarar. Eg meiner at vi treng eit statusløft. Læraryrket fortener udiskutabelt høgare status, og det kjem ikkje gratis. Bokstaveleg meint, altså, læraren treng høgare løn.