Twang Gang klar med singel

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rockabillytrioen frå Voss har gjeve ut to album, «Bandar Abbas Express» (2007) og Listen, It`s The Twang Gang (2004). I løpet av 2014 kjem album nummer tre. For fyrste gong gjev Twang Gang ut eit norskspråkleg album. No slepp dei fyrst singelen «Sjela på legd» digitalt. Bandet har også lagt ut ein video på Youtube.

– Me har lenge hatt lyst til å laga eit album på norsk, fortel Erlend Styve, som er vokalist og gitarist i bandet. Bjørne Møen spelar trommer, medan Jan Eirik Gullbrå spelar kontrabass.

«Sjela på legd» er laga av Styve og Gullbrå.

– Teksten er det Jan Eirik som har laga, medan eg står for melodien, fortel Styve.

No håpar rockabillytrioen at radiostasjonane vil spela låta deira flittig i tida som kjem. Så vil bandet jobba vidare med å fullføra eit heilt album.

– Me har spela inn fire låtar til no, og me skal i studio om ein månadstid. Så håpar me at albumet er klart i løpet av året, seier Styve.

Han fortel at albumet truleg kjem ut både digitalt og på CD.

– Personleg håpar eg me også får albumet ut på vinyl!

Om videoen seier Styve:

– Me hadde mange bilete liggjande etter mange år på vegen. Så me har sett dei saman til låta.

Les saka i Avisa Hordaland!