SV vil ha fleire polutsal

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kvar kommune, sitt pol, seier SV-representanten Heikki Eidsvoll Holmås til NTB. Han meiner Vinmonopolet bør vere til stades i alle dei kommunane som ønskjer det.

LES OGSÅ: Vil teste ut «vinminipol»

24 mils polferd
– Regjeringa sviktar distriktsbefolkninga når dei ikkje legg opp til det. Det er ikkje nok å betre tilbodet til dei som tingar via nett og hentar på Posten, seier han.

I Gamvik i Finnmark er det 24 mil til det næraste polutsalet. Det blir som om folk på Frogner måtte til Gol for å kjøpe seg ei flaske vin, legg han til.

LES OGSÅ: Vil behalde Vinmonopolet

– Skeivt ut frå start
Holmås seier SV sluttar opp om framlegget frå regjeringa om å tillate Vinmonopolet å halde ope på julaftan, nyttårsaftan, påskeaftan, pinseaftan og valdagane.

– Vi har gjort framlegg om dette sjølve. Men Siv Jensen og Bent Høie kjem skeivt ut frå start. Ved å ikkje involvere partane i arbeidslivet tidleg i prosessen, har dei klart å hisse på seg dei som skal sørgje for at Vinmonopolet kan halde ope desse dagane, seier han.