Lurt å ete tytebær til feit mat

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Blåbær kan få konkurranse av tytebær når det gjeld å vere nyttig.Dei bæra som var med i studien, var i tillegg til tytebær solbær, blåbær, bringebær, krekebær, bjørnebær, svisker og superbæret acai, skriv ATL Lantbrukets affärstidning.

LES OGSÅ: Denne maten gjer deg glad

Mindre opp i vekt
Musene som fekk tytebær, gjekk opp drygt 20 prosent mindre i vekt enn dei artsfrendane som fekk feit mat utan tytebær.

Det er forskarar ved Lunds universitet i Sverige som har studert ein type mus som lett blir feite. Musene vart delte inn i grupper der dei fleste fekk ete feit mat i tillegg til ulike bærsortar i tre månader. Den gruppa som åt tytebær fekk det beste resultatet.

Blodsukker og insulin
Musene i tytebærgruppa vart ikkje feite. Dei hadde også lågare blodsukker, var ikkje like insulinresistente og hadde mindre betennelse i kroppen.

Til og med solbær og blåbær hadde tydeleg effekt på musene, men resultata var ikkje like tydelege som for tytebær.

No skal forskarane prøve finne ut kva stoff i tytebæret som gjer at det verkar positivt i eit feitt kosthald.