Aarebrot vert sakte-tv

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sakte-tv vart kåra til årets ord i fjor og kjem stadig i nye versjonar. No lanserast akademisk sakte-tv.

Det er statsvitar Frank Aarebrot som skal snakke i 200 minutt i strekk om Noregs historie gjennom desse siste 200 åra. Foredraget skal finne stad på studentpuben Kvarteret i Bergen den 28. februar og sendast direkte på NRK2, melder Bergens Tidende.

LES OGSÅ: Her er årets ord

Maratonførelesning
Det er NRK som har teke initiativ til programmet i samband med at det i februar er 200 år sidan grunnlova vart skriven. Det lange maratonforedraget vert òg ein del av Universitetet i Bergen si markering av grunnlovsjubileet, som markerast landet over gjennom 2014. 

For nokon kan ei 200 minutt lang sending verke lenge, men Aarebrot tykkjer ikkje at ti minutt på kvart tiår er for mykje tid.

– Mine dobbeltførelesningar er til vanleg to gonger 45 minutt, det vert gjerne litt lengre, så det er i grunn berre to slike etter kvarandre. Eg er slett ikkje ukjent med maratonførelesningar som er atskilleg meir langvarige enn dette, men forskjellen er at her vert det ingen pausar, seier Aarebrot til BT.

LES OGSÅ: Sju av åtte: – Grunnlova er svært viktig

Fransk suksess
Professoren ved Universitetet i Bergen er ikkje ukjent med å ha med tv-kamera på lengre foredrag. Produsent Thomas Hellum i NRK på Minde laga i 2009 ein dokumentar om Aarebrot og var då med han på maratonførelesningar om europeisk politikk i Frankrike. Det var ein suksess i salen, og er noko av inspirasjonen til den komande NRK-sendinga.

Aarebrot fortel at han ikkje vil fokusere på den opphavlege Grunnlova, men heller korleis utviklinga med stadig utvida rettar har vore.

– Det er ikkje innhaldet i den opphavlege Grunnlova vi feirar den 17. mai. Desse karane på Eidsvoll starta noko, men det er i tiåra etterpå at Noreg vart eit samfunn der folk flest hadde rettar, seier Aarebrot til BT.

LES OGSÅ: Grunnlova: Ein rar gamal tekst

– Ikkje mykje å skryte av
Han peikar på at dei aller fleste, kvinner og fattige var utan stemmerett dei første åra etter 1814. I den opphavlege Grunnlova var det heller ingen religionsfridom, ikkje forsamlingsfridom, jødar hadde ikkje lov å koma inn i riket, og munkeordenar og jesuittar var fortbode.

– Ikkje mykje å skryte av, eigentleg. Riksforsamlinga var eigentlig ei standforsamling som beskytta sine eigne interesser, eigedomsretten var viktigast for dei, fortel Aarebrot.