Vann over sjukdommen, siktar mot VM

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vann over blodkreften

Det har akkurat kome nok snø i heime til at Femsteinevik kan trene i rulleskiløypa i nabokommunen Fusa.

– Det går an å gå på ski der om ein går med ski som ein ikkje er så veldig redd for, seier 19-åringen med eit smil. Kvar einaste treningsøkt no er viktig for å spisse forma. Han kjempar om ein plass til den aller viktigaste konkurransen for juniorar.

Skiskyting har vore ein viktig del av livet hans heilt sidan han fekk lov å prøve seg allereie som 6-åring. Han gjekk aktivt og deltek i mange konkurransar tidleg. Som 13-åring opplevde han at forma var svært ujamn. Han kunne vere best den eine dagen og kome på sisteplass dagen etter. Familien byrja å lure på om det kunne vere jernmangel eller lav blodprosent som feila han. Å ta ei blodprøve, var løysinga. 

– Berre ei veke etter at eg tok den fyrste blodprøva, fekk eg konstatert at eg hadde blodkreft. Eg rakk ikkje tenke så mykje, for behandling vart satt i gang med ein gong, fortel Femsteinevik.

Halvanna år seinare vart det ikkje funne fleire kreftceller i kroppen hans og i mai 2010 tok han sin siste tablett mot sjukdommen.

Sjølv om han var sjuk, var han i såpass god form at han klarte å halde seg aktiv.

– Eg trena ikkje hardt fysisk, men eg var i normal god form under behandlinga.

LES OGSÅ: CP-ramma Frode siktar mot NM-gull

Sjuk, men på skirenn
Han tok heller ikkje pause frå skiskytinga.

– Eg har heldigvis fått lov til å vere med på skirenn. Det er nesten ikkje eit einaste skirenn eg ikkje har fått være med på – eller i alle fall sett på. Eg var i miljøet heile tida. Det er der eg har venene mine, seier han.  

– Eg har vore veldig motivert for å kome tilbake igjen.

I fjor klarte han nettopp det. Under junior-NM i skiskyting vart han dobbelt norgesmeister for Hålandsdalen.

Til helga må han syne seg fram under Norgescup i Myrkdalen i Hordaland om han skal klare å verte teken ut til å junior-VM i mars.

– Det er sesongens hovudmål å klare å kvalifisere seg til junior-VM. Eg har tru på at eg skal klare det.

LES OGSÅ: Aldri har så mange trent

– Innstilling er viktig
– Korleis motiverer du deg?

– På ein måte tenkjar eg at eg ikkje har vore sjuk. Eg har ikkje sett på meg sjølv som sjuk. Det som har fått meg til å klare å komme tilbake er at idretten har vore så viktig for meg. Med ein gong eg fekk diagnosen, tenke eg – uansett, så skal eg tilbake.

­– Kva for råd kan du gje til andre unge som opplever alvorleg sjukdom?

– Viss du trur at behandling hjelper, så hjelper det. Viss du vil bli frisk så er moglegheitene større for at du klarar det. Innstilling er enormt viktig for korleis du har det med deg sjølv. Når eg tenkte at eg skulle verte frisk, kjente eg ikkje etter om eg kjente meg dårleg. Eg berre køyrde på.

– Kva er målet ditt innan skiskytinga?

– Eg har lyst til å bli så god som eg kan verte. Eg har lyst til å bli verdas beste.

LES OGSÅ: Jenter som flyg – jenter har hoppa i 150 år