Sola burde vera full av aktivitet, men i staden er ho stillare enn på 100 år. – Eg tippar mange klimaforskarar held pusten no, seier solforskar Pål Brekke.

mm

– Eg har vore solfysikar i 30, og aldri sett noko som liknar på dette, seier Richard Harrison, sjef for romfysikk ved Rutherford Appleton Laboratory i Oxfordshire til BBC, som først skreiv om saka i helga.

– Ingen nolevande personar har opplevd ein periode med så svak solsyklus som no, seier Pål Brekke, solforskar og seniorrådgjevar ved Norsk romsenter til Framtida.no.

LES OGSÅ: – Berre massive inngrep nyttar

Mindre nordlys
Eigentleg skulle sola vore full av aktivitet. Sola er no på toppen av 11-årssyklusane som astronomar heilt sidan Galileo Galilei har observert. Men i staden for full aktivitet er det stillare enn på lenge.

Om du vil tilbake til ein periode då sola var like inaktiv som no, så må du tilbake kring 100 år.

– Dette fører til mindre nordlysaktivitet, mindre solstormar og mindre utstråling frå sola, seier Pål Brekke. Han legg til at den låge solaktiviteten også fører til mindre effekt på teknologien vår, som GPS, kraftnettet og navigasjonssystem for blant anna fly. Noko som er positivt.

LES OGSÅ: Frå 50 til 95 prosent sikkerheit at klimaendringane er menneskeskapte

Denne grafen viser solaktivitet dei siste 11-årsperiodane. Foto: NASA

– Sola testar klimamodellane
Mange av skeptikarane til klimaforskinga meiner sola er viktigare for å forklara temperaturendringar enn menneskeskapte klimautslepp.

– I diskusjonen mellom klimaskeptikarane og tilhengarane av klimapanelet til FN er det aldri nokon mellomting, seier Pål Brekke.

Han nemner seks komponentar som fører til viktige klimaendringar, der tre av dei; sot, utslepp av klimagassar og arealforandringar er menneskeskapte, medan farten på sola, vulkanar og havstraumar ikkje er påverka av menneske.

– Det som er spennande no er at sola gjer eit interessant eksperiment for oss. Viss solaktiviteten går ned og temperaturen går ned, så kan kanskje det tyda på at sola betyr meir enn ein har rekna med. Prognosane seier at det er truleg at ein vil oppleva endå lågare solaktivitet dei neste 20-30 åra. Om nokre år vil me få vanvittig nyttige svar, seier Brekke.

– Eg tippar at mange klimaforskarar held pusten no, legg han til.

LES OGSÅ: Dei aller verste katastrofane

– Kan bli mini-istid
Mike Lockwood professor i rommiljøfysikk frå University of Reading seier til BBC at det er stort sannsyn for at sola blir stadig meir stille. Han viser til analysar av iskjernar, som viser lange periodar med solaktivititet. Dei tyder på at ein no opplever den raskaste nedgangen i solaktivitet som er registrert dei siste 10.000 åra.

– Me reknar med at det er nærare 20 prosent sjanse for at me vil vera tilbake til nivået for den vesle istida, seier Lockwood til BBC.

I siste del av 1600-talet opplevde Europa Den vesle istida som førte til strenge vintrar og is på vatna langt sør på Kontinentet.

– Me veit ikkje enno kva som vil skje. Men det kan vera at me kjem inn i ein periode på 50 år med kaldvêr, slik det var under Den vesle istida, men det er ikkje sikkert det blir fullt så kaldt, seier Pål Brekke, og viser til at dei menneskeskapte klimaendringane verkar mot den lågare solaktiviteten og bidreg til oppvarming.

QUIZ: Ta den store klimaquizen!

(saka held fram under bildet)

Bildet av den frosne Themsen i 1677 av Abaraham Hondius (1631-1691) er eit av vitnesbyrda frå Den vesle istida på slutten av 1600-talet.  Foto: Wikipedia

– Usikker effekt
Eystein Jansen er professor ved Bjerknessenteret og ein av hovudforfattarane bak dei to siste rapportane til klimapanelet til FN. Han seier det er ein viss sjanse for at utviklinga me har med svakare solsyklusar vil kunne gi ein periode med relativt lav solaktivitet fram mot midten av hundreåret.

– Kor låg og kor sannsynleg er usikkert. Låg solaktivitet vil gi ein noko lågare temperaturutvikling enn me elles ville fått. Det er kjent at jorda si gjennomsnittstempartur endrar seg med kring 0,1 grader i samband med sola si 11-årssyklus. Skulle me få ein lengre periode med inaktiv sol, vil utslaga kunne bli noko høgare.

– Er den lågare aktiviteten på sola lagt inn i klimamodellane til klimapanelet til FN?

– Solaktivitetsendringane som har skjedd fram til no er ein av drivkreftene for modellsimuleringane i den siste rapporten. Klimaendringane blir simulert med ulike pådriv som solvariasjonar, vulkanutbrot og menneskeskapte drivkrefter. Moglege framtidige lange periodar med låg solaktivitet er ikkje inne som del av simuleringane av framtidsscenario i den siste rapporten, rett og slett fordi me ikkje kjenner desse. Men det finst nokre få enkeltstudium som har sett på verknaden.

Desse studiane viser at nedgangen som følgje av mindre solaktivitet vil vera mykje mindre enn temperaturauken frå menneskeskapte klimautslepp.

– I tillegg finst det både berekningar av temperatursenkinga for den nordlege halvkula under Den vesle istida på 1600-talet utfrå ulike metodar for klimarekonstruksjon. Desse viser utslag på nokre tidelar for nordlege halvkula, men med langt større utslag i Europa og nokre andre regionar. Dette er oppsummert i den siste rapporten til klimapanelet til FN.

Dette er det verkeleg store spørsmålet
– Gitt at me får ei global endring i temperatur på 2-4 grader i dette hundreåret, vil ein Maunder Minimum type endring berre senke temperaturendringa i liten grad samanlikna med fleire graders oppvarming frå klimagassane. Utsegner om at me får ei ny lita istid er både ein lite presis attgjeving av det forskarane som blir intervjua av BBC meiner, og ikkje i tråd med publisert vitskap.

– Solforskaren Pål Brekke seiar at han trur mange klimaforskarar held pusten no, og meiner dette kan gje oss eit interessant eksperiment på kva sola har å seia for temperaturen vår. Kva seiar du til dette? Er du spent?

– Det er klart slike endringar gjev oss nyttig kunnskap om verknaden til sola på klima og klimasystemets virkemåte. Men det er langt større grunn til å vera spent og å halda pusten når det kjem til om me får gjort noko med dei verkeleg store og faretrugande klimaendringane me får som følgje av framleis høge utslepp av klimagassar. Einskilde solforskarar har ein tendens til å oversjå denne utfordringa og det verkeleg store spørsmålet, seier Jansen.

Artikkelen blei oppdatert med kommentarar frå Jansen klokka 08 tysdag.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49

LES OGSÅ

ANNONSE