Magisk ved midnatt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er Bjørn Furuseth som seier dette om midnattskonserten laurdag kveld under ismusikkfestivalen på Geilo, og som har tatt desse bileta for oss.

– Det var mange folk på scena, det var mykje publikum, og det var stor stemning, godt lys og utruleg bra musikk. Folk var tydeleg med og song delvis med undervegs, seier Furuseth.

Månen fekk ein dessverre ikkje sett. Det var overskya og lette snøfnugg i lufta.

Knuste
Eit avsluttande høgdepunkt var det på slutten av konserten. Etter at Svante Henrysson hadde hatt eit innslag på iscello, knuste han instrumentet.

– I beste The Who-stil. Om det var tilfeldig eller planlagt, veit eg ikkje, men effektfullt var det, seier Bjørn Furuseth.

– Midnattskonserten tok heilt av, stadfester Tone Lægreid, arrangementsansvarleg for ismusikkfestivalen.

Ho seier at det denne gongen har vore meir folk på alle arrangement enn det har vore tidlegare år. Difor var det eit steg i rett retning å flytte festivalen frå Kikut til Geilo sentrum.

Høvde
– Amfiet i sentrum høvde svært godt for desse arrangementa, seier Tone Lægreid, som no vonar å kunne sette seg ned og planlegge neste års Ice Music Festival. Den skal finne stad ved andre fullmåne i 2015, som er torsdag 7. februar.

– Då er det også ti-års jubileum, seier Tone Lægreid.

– No vil me gå ein runde med dei næringsdrivande i sentrum og høyre deira meining om arrangementet, seier turistsjef Pål Knutsson Medhus.

– Oppslutning frå desse er nødvendig for å gå laus på eit nytt arrangement. Eit oppsummeringsmøte med utøvarane sundag viste i alle fall at dei er innstilt på å gå laus på eit nytt arrangement neste år, og det vil vere fint om me kunne få i stand eit jubileumsarrangement i februar.

Nøgd
Pål Medhus har følgt ismusikkfestivalen i alle desse åra, og er nøgd med flyttinga til sentrum.

– Me skulle gjerne ha litt meir folk på arrangementa fredag, men laurdag er blitt akkurat slik me håpa det skulle bli – då kjem «alle» og det er fullt hus og stor stemning på konsertane, seier Pål Knutsson Medhus.

Les saka i Hallingdølen!

ICEMAN: Neste år er det tiårsjubileum for Terje Isungset og ismusikkfestivalen.