Høgsesong for trening

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje instruktør og personleg trenar Ingunn Vikse ved Albatross treningssenter er variasjon og planlegging viktige nøkkelord for å lukkast med nyttårsforsetta.Etter å ha overteke eigaransvaret for treningssenteret i fjor har staben og tilbodet ved treningssenteret på Albatross vakse.

– Det er godt å ha full kontroll sjølv. Då eg overtok ansvaret hadde me allereie bygd opp ein stabil kundemasse, seier dagleg leiar Ingunn Vikse.

Senteret har i dag 7 instruktørar, der to har komme til det siste halvåret.

Begynn roleg

Når nyårsinnmeldingane kjem i januar jobbar Vikse og kollegane med å halda medlemane motiverte til å fortsetja utover dei første vekene.

– Ein bør ikkje trena kvar dag i starten. Om ein tar i for mykje kan ein raskt mista motivasjonen. Sats på eit par dagar i veka og heller ta ein tredje bonus dag.

I tillegg meinar instruktøren at det er viktig å vera klar på målsetinga før ein startar.

– Det er lurt å ha ein plan om kva ein vil gjennomføra før ein går på trening. Om ein ikkje sett seg mål kan ein gå å trena i årevis utan å kjenna framgong, seier Vikse.

Variasjon
På treningssenteret er Zumba og CrossFit to av dei mest populære treningsformene som har komme det siste året. Zumba kombinerer aerobic med latinsk dans, medan CrossFit tek utganspunkt i ulike av øvingar retta mot styrke og kondisjon.  Sjølv likar instruktøren å trena med vekter for å øva både styrke og balanse.

– Kroppen treng variasjon mellom kondisjon og styrke. Det er viktig for å halda ut i jobb og kvardagslivet.

Treningsvenn
For å halda på motivasjonen kan det vera lurt å gjera treninga til eit prosjekt saman med kjente.

– Begynn saman med andre. Få med deg ein venn eller eit familiemedlem, og dra kvarandre med.

I forhold til kosthald meinar Vikse det er viktig å halda fokus på kva som er mogleg å spisa av sunn mat, i staden for å fokusera på kva som er "ulovleg".

– Det er lurt å ha jamne måltider. Spis ofte og lite. Det er viktig å halda på det jamne blodsukkeret. 

Les fleire saker om trening her!

Ingunn sine tips:

Trening:
1. Klare og realistiske mål.
2. Plan på korleis det skal gjennomførast.
3. Begynn litt forsiktig, og auk etterkvart.
4. Ver tålmodig med resultata, dei kjem!
5. Vanskeleg å gjennomføra? Ta kontakt med nokon som kan hjelpa/rettleia.

Kosthald:
1. Hva er målet?
2. Legg opp til eit kosthald som du kan leva lenge med.
3. Fokuser på det du kan/bør eta og ikkje det du bør unngå.
4. Tenk enkelt – et ofte og lite.
5. Få inn mykje grovt og grønt i kosthaldet.

Les saka i avisa Vestavind!