– Vi står føre eit tidsskilje i distriktspolitikken, seier tidlegare toppbyråkrat i kommunaldepartementet Jan Sandal.

NPK-Andrea Øien Sæverud
NPK-Andrea Øien Sæverud

Med ei ny regjering som har signalisert endringar både i landbruk og kommunestruktur, står distriktspolitikken no truleg føre sterkare endringar enn på fleire år. Tidlegare ekspedisjonssjef i miljødepartementet og kommunaldepartementet Jan Sandal er redd for at det regionale perspektivet skal forsvinne.

– Ei nedlegging av fylkeskommunen vil føre til at storbyane blir førande. Kva skjer med dei som fell utanfor?, spør Sandal.

I fjor gav han ut ei bok som stiller spørsmål ved vegen vidare for distrikts- og regionalpolitikken, og no trur han det bryggjer opp til kamp.

– Slaga vil stå til våren. Då kjem landbruksoppgjeret som både er ideologi og mykje pengar. I tillegg kjem kommuneoppgjeret, der småkommunetilskotet står i fare for å forsvinne, fordi regjeringa meiner det hindrar samanslåing. Regjeringa har saman med Venstre fleirtal for dette i Stortinget, påpeikar Sandal.

– Uviktige bygdestemmer
Den pensjonerte byråkraten – som no går utan slips og ifølgje seg sjølv dermed snakkar ein god del friare enn før -, får i stor grad støtte frå professor Håvard Teigen ved Høgskolen i Lillehammer som har forska på distriktspolitikk i ei årrekkje.

– Sjølve ordet distriktspolitikk har endra seg frå å vere eit honnørord til å bli eit skjellsord. Stemmene der ute i distrikta er ikkje så viktige lenger, hevdar Teigen.

Han meiner at noko av grunnen er at distrikta ikkje lenger snakkar om eit stort «vi», i motsetnad til bøndene.

– Løyvingane til jordbruket har halde seg mykje betre enn løyvingane til distriktspolitikken. Det hjelper å ha godt organiserte interessegrupper bak, seier Teigen.

Samtidig strekar han under at diskusjonen rundt distriktspolitikken til no har vore for fattig, fordi feltet er så komplisert.

LES OGSÅ: – Nei til statlege arbeidsplassar utanfor Oslo

Innovervende byar
Jan Sandal meiner at ei løysing for distrikta kan vere å satse på det han kallar for

«robuste regionar». Det vil seie at Noreg vert delt inn i 4– 8 landsdelsregionar med totalt 200 kommunar.

– Alternativet er at storbyane sit igjen med leiarkrafta, i samspel med staten og næringslivet, forklarer han.

Dersom framtida hallar mot det siste alternativet, trur Sandal distrikta går ei dyster tid i møte.

– Storbyane har vist lita evne til å trekkje med seg landsdelane, men spissar heller si eiga satsing på til dømes forsking og innovasjon for å hevde seg i den globale konkurransen. Då blir det ei sentralisering rundt storbyane, seier han, og spår at oppimot 40 prosent av det totale folketalet vil falle utanfor og stå i skuggen.

Sandal trekkjer fram Bergen som ein versting i det å ikkje klare å drage med seg omlandet, medan Stavanger er eit døme på ein by som har klart det ganske bra.

– Men vi skal sjølvsagt ikkje bremse utviklinga av storbyane, så lenge dei er rause og tek skikkeleg leiarskap, seier han.

Grobotn for motkrefter
Dersom vi går ei framtid i møte der sentralisering er mantraet, kan vi kome til å sjå ei oppblomstring av lokale motkrefter, trur Sandal. Han viser til Valdres, der ei folkeavstemming stakk kjeppar i hjula for ei stor kommunesamanslåing, sjølv om kommunepolitikarane var positive.

– Kanskje vil framtidige kommunesamanslåingar føre til at motkreftene blomstrar, som ein parallell til EU-kampen? spør Sandal, og legg til at det er ein føresetnad at både næringslivet og ungdommen då engasjerer seg politisk.

– Folk er stolte over stadene sine og det er ei veldig kraft i lokalsamfunna. Den nasjonale distriktspolitikken må støtte opp under den krafta. Men vi må også ha ei sterk regional kraft som balanserer leiarrolla til storbyane slik at alle delar av landet får ta del i utviklinga.

LES FLEIRE SAKER OM DISTRIKTSPOLITIKK HER!

Vil avlive Distrikts-Noreg

(NPK): – Utkantstrøka er ei byrde og ein gigantisk kostnad for samfunnet, meiner tidlegare stortingsrepresentant og byråd i Bergen Henning Warloe.

Tidlegare i januar kvessa Warloe blyanten skarpt og skreiv ein kronikk i Bergens Tidende som sparka hardt mot Distrikts-Noreg.

– Kvifor skal vi ta heile landet i bruk, dersom det er upraktisk, unødvendig og vanvitig dyrt, spør Høgre-politikaren i BT-kronikken.

Warloe reagerer på at «folk på de ytterste utposter forlanger samme priser på strøm, samferdsel, bensin og matvarer som i tettbygde strøk, til tross for at kostnadene til fremføring og distribusjon er mye høyere».

Kronikken har ført til eit ras av motsvar på debattsidene til avisa. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE