Skambankt har vunne Innovatørprisen som blir delt ut i samband med årets Spellemann – for å ha bedt fansen sende inn plastgitarar som vart smelta om til vinylskiver.

NPK-NTB
NPK-NTB

Fredag vart det kjent at prisen for Årets Innovatør går til bandet frå Klepp, som i tillegg til heideren får ein marknadsføringskampanje på Spotify, som står bak denne prisen, verdt 200.000 kroner.

Det er norske musikkfans som har stemt Skambankt fram, føre blant andre Moddi og Lars Vaular. Prisen blir delt ut til ein artist eller eit band som skil seg ut med kreativitet og nytenking i måten å bruke sosiale og digitale medium på for å byggje forhold til fansen, heiter det.

LES OGSÅ: Kaizers med virus-app

– Dette var stas! Sidan dette var ein publikumspris må vi takke alle dykk som har stemt på oss, skriv bandet på Facebook-sida si.

Skambankt, som er sideprosjektet til Kaizers Orchestra-gitarist Terje Winterstø Røthing, vart Spellemann-nominert for tredjealbumet «Hardt regn» frå 2009.

Det var i samband med sleppet av låten «Voodoo», første singel frå femtealbumet «Sirene» som kjem 27. januar, at bandet starta ei innsamling i sosiale medium av gamle Guitar Hero-gitarar – som deretter vart smelte om, blanda med vinylmasse, og returnert i form av ein singel til givarane. Til no har det vorte nok til 300 unike vinylsinglar. (©NPK)

Les siste musikknytt her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49

LES OGSÅ

ANNONSE