Fleire skular med dårleg inneklima

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Inneklimaet og vedlikehaldet på skulane blir dårlegare visar ei ny undersøking.

– Dårleg inneklima skader borna og vi forventar no ein forbetring, seier Terje Skyvulstad.

Undersøkinga som er gjort på oppdrag for Utdanningsdirektoratet og Helsedirektoratet viser at 230.000 skuleborn går på skular som kan ha dårleg inneklima eller manglande vedlikehald. Delen skular som er godkjende har gått ned frå 68 prosent for tre år sidan til 66 prosent no. Godkjenninga blir gitt skulane som har godt inneklima, bra reinhald og sanitære tilhøve og der skulane er godt vedlikehaldne.

– Mange unge utviklar allergiar og helseplager av det dårlege inneklimaet på skulane deira. Desse tala viser at det har hjelpt lite med eit nasjonalt fokus så lenge kommunar og fylkeskommunar ikkje evnar å følgja opp, seier nestleiar i Utdanningsforbundet Terje Skyvulstad. Han får støtte frå Kunnskapsdepartementet:

– Dette er tal som kommunane ikkje kan slå seg til ro med. Eit godt fysisk skulemiljø er avgjerande for trivselen til elevane og god læring i skulen. Eg forventar at kommunane tek tak i problemstillinga og arbeider aktivt med tiltak framover for å snu denne trenden, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

LES OGSÅ: Regjeringa Stoltenberg vil rusta opp 1000 skular

Dyrt å vere fattig
Utdanningforbundets nestleiar trur likevel ikkje at det er av vond vilje at kommunane ikkje prioriterer skulebygga:

– Det å bruka for lite pengar på vedlikehald er dyrt i lengda. Når kommunane vel å ikkje bruka nok på dette er det fordi dei har for dårleg økonomi. Dei økonomiske rammene deira må aukast, fastslår han.

Kunnskapsministeren meiner at mykje allereie blir gjort for å betre elevane sitt skulemiljø:

– Frå nasjonalt hald bidreg me allereie med vegleiingstiltak og den statlege ordninga med rentefrie lån til offentlege bygg. Me vil no, saman med Helse- og omsorgsdepartementet, vurdera tilrådingane frå Utdanningsdirektoratet og Helsedirektoratet om korleis resultata frå kartlegginga kan følgjast opp. Tiltak som kan bli aktuelle å vurdera er betre, meir tilpassa og oppdatert rettleiing til kommunane, og dessutan arbeid for å styrkja tilsynet og tilretteleggja for betre samarbeid mellom tilsynsmyndigheitene. Det er grunn til uro når halvparten av skulane manglar ein vedlikehaldsplan. For å førebyggja forfall av skulemiljøet er det avgjerande at kommunane utarbeider og følgjer opp vedlikehaldsplanar, seier Røe Isaksen.

LES OGSÅ: Ungdom må betala for dårleg luft

– Fortset å melde frå
Utdanningsforbundets tillitsvalde og verneombud har hatt fokus på dårleg vedlikehaldne skular over mange år og følar seg motlause når rapporterte manglar ikkje blir utbetra.

– Eg oppmodar likevel folka våre til å fortsetja å melda frå om dette. Det er òg viktig at medlemmar og tillitsvalde kjenner til avviksordninga og at arbeidstilsynet òg kan kontaktast dersom ikkje dei vanlege framgangsmåtene fører fram, avsluttar Terje Skyvulstad i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Skal ikkje bli sjuke av å gå på skulen