Reknar mot dei beste

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Leksa er å spela minst ein halv time kvar dag. Andreas Jordalen spelar gladeleg meir.

– I går sat eg fyrst nesten ein time. Seinare sat eg i ein time og 45 minuttar. Eg gjer det fordi det er skøy.

7. klassingen Andreas Jordalen har ikkje noko imot å spela DragonBox – spelet som 7., 8. og 9. klasse konsentrerer seg om denne veka. Klassane har kasta seg inn i konkurransen Algebra Challenge som går over heile landet. 43.000 elevar er med, og konkurrerer om kven som løyser i snitt flest likningar ved hjelp av dataspelet.

Mattelærar Ingebjørg Trageton ser elevar som går inn for dette med stor iver, og som konkurrerer innbyrdes om å vera den som løyser flest oppgåver. Då Hordaland var påbesøk plasserte skulen seg som nr 35 i landet, med eit snitt på 167 løyste oppgåver. Med til saman 34 deltakarar ved skulen skulle dette etter enkel matematikk tilseia over 5600 oppgåver løyste så langt.

KONKURRANSEN STARTA MÅNDAG klokka åtte, og varer til fredag klokka 20. Ein flott premie ventar for den beste klassen i landet. Beste klassen i Granvin skal også premierast, har skulen bestemt. Eigne matte-t-skjorter skal det verta. Beste eleven vinn ei trådlaus mus.

William Seglem Grøtte synest ikkje spelet er så veldig vanskeleg. Han likar best når det dukkar opp tal og bokstavar på skjermen, der han kjapt prøver ut ulike metodar for å få isolert X-en på den eine sida av =teiknet.

– Kan det ikkje verta for vanskeleg?

– Det er ikkje så veldig vanskeleg. Det stoppar berre litt opp viss ein ikkje kjem vidare.

LES OGSÅ: Einar (19) er eit matte-geni

KONKURRANSEN BYGGJER PÅeit dataspel utvikla av norske gründerar. Algebra Challenge er eigentleg eit forskingsprosjekt utvikla av universitetet i Washington, og vart gjennomført der fyrste gong i fjor sommar. I Noreg vert konkurransen gjennomført i samarbeid med gode krefter som vil styrkja læringsutbytet i skulen.

– Det er så kjekt å sjå den store iveren! Og det er ikkje nødvendigvis samsvar med mattekarakterane elles. Me håpar dette inspirerer til meir interesse for matematikk, seier Ingebjørg Trageton.

Tre av elevane i åttande klasse kappast i toppen på skulen om å løysa flest oppgåver. Heine Såkvitne, Jonas Laupsa og Jan Atle Bolstad har løyst over 450 oppgåver i snitt på vel eitt døger.

Dei spelar til vanleg litt dataspel kvar dag, og har spela DragonBox heile tida dei har ein sjanse, etter at konkurransen starta.

– Det er gøy viss me kan verta best, eller best i klassen. Men du kan verta litt lei òg, når du skal spela så mykje, om att og om att, vedgår dei.

– Men me spelar for å få klassane våre høgast mogeleg opp!

LES OGSÅ: – Elevar bør slita med matten

MATTELÆRAREN HÅPAR SPELETskaper entusiasme for matte generelt. Ved skulen legg dei vekt på varierte undervisningsformer, og niandeklassen har vore innom DragonBox tidlegare. Det finst også spel som dekkjer kunnskapsmåla i andre emne, som statistikk og sannsyn. For denne konkurransen er det spesielt at deltakarane kan vera alt frå 1. klassingar til elevar i vidaregåande. Det er lagt vekt på algebra, dvs likningar og rekning med tal og variablar.

– Etterpå må me også prøva dette ut på papir, for å sjå kva me eigentleg har lært. Gjennom dette har me i alle fall fått ein innfallsport. Mange elevar synest det er kjekt med dataspel, og det vil vera stas om me klarar å hevda oss på dette området, meiner ho. Resultatet får dei fredag kveld.

Les saka i Avisa Hordaland!