Agnes Ravatn skal skrive portrettbok om forfattarkollega og venn Einar Økland på oppdrag frå Samlaget.

NPK
NPK

– Forholdet vårt er prega av kontinuerleg einvegskommunikasjon, der Einar snakkar, og eg lyttar. Ingen kan snakke på den måten som han gjer. Han har enormt mykje kunnskap, seier Ravatn til Bergens Tidende.

LES OGSÅ: Barnebøker som psykoanalyse

Avslørar for Ravatn
– Eg seier ting til Agnes som eg aldri har fortalt andre, seier Økland om den intellektuelle kjemien mellom dei.

Ravatn trur det blir ei utfordring å skildre ein forfattar som har vore aktiv på så mange måtar.

– Eg kjem nok til å formidle entusiasmen min for Økland, men må prøve ikkje å vere for nasegrus begeistra. Det skal vere ei reell evaluering, så eg får forsøkje å hoste opp litt ambivalens, seier Ravatn.

LES OGSÅ: Alvorsprat med morosam dame

Jubileumsåret
Økland kan i år feire 50 år som forfattar, og han gjer det med å gi ut eit 35 år gammalt manus, «Statsminister-boka» og essaysamlinga «Fotgjengar med fotnotar».

«Statsminister-boka» blir omtalt som ei samling enkle, men ulike dikt som alle fortel om ein lett aldrande statsminister. Boka, om ein mann som elskar å bestemme og krangle, men som også likar kjøttkaker og sild, har ingen illustrasjonar. «Difor har boka god plass for deg til å teikne og fargeleggje», heiter det om utgjevinga – som blir avslutta med etterord av forfattaren sjølv.

Økland kjem også med essaysamlinga «Fotgjengar med fotnotar», der forfattaren skriv om eigne og andres tekstar, om barnebøker, imaginære bøker, glansbilete og brev.

Her får vi også eit lesestykke som handlar om 85-årsdagen til Dag Solstad.

Einar Økland har sidan debuten i 1963 gitt ut nærare 80 bøker og har blant anna fått Doblougprisen og Gyldendalprisen.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49
ANNONSE