LNU: – Forsøket med stemmerett for 16-åringar bør utvidast

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Gi stemmerett til 16-åringane

Torsdag lanserte Institutt for samfunnsforskning sluttrapporten frå evalueringa av forsøket.

– 16-åringar blir ikkje meir interessert i politikk ved å få stemmerett, men valdeltakinga aukar, er oppsummeringa til redaktøren for rapporten, Johannes Bergh.

– Vi meiner dette er lovande resultat, og at ein må gjenta og utvide forsøket i 2015.

Det var 20 kommunar, i tillegg til Longyearbyen, som var med i forsøket.

– Dette grunnlaget er for lite, meiner Seland.

Han er ikkje skremt av at rapporten fastslår at 16- åringane i forsøket ikkje vart meir interessert i politikk ved å få stemmerett.

KOMMENTAR: Høyr på Kongen – la unge få påverka

– Fremmar gode valvanar
– Dette betyr ikkje at dei ikkje var politiske interesserte, eller at dei stemte på måfå. Ein måler heller ikkje det politiske engasjementet til eldre veljarane, seier han.

Seland meiner at det er mange grunner til å senke stemmerettsalderen til 16.

– Blant andre den amerikanske valsosiologen Mark Franklin meiner at ein får gode valvanar dersom ein begynner å stemme tidleg, og at det vil bidra til auka valdeltaking på sikt, seier han.

LES OGSÅ: Er grensa på 18 år katastrofal?

Skremmer ikkje
I dag er det verken fleirtal blant parti eller befolkning for å innføre tidlegare stemmerettsalder, men dette skremmer heller ikkje Seland.

– I 1978 var 62 prosent av befolkninga generelt imot å senke stemmerettsalderen til 18 år, medan berre 36 prosent var for. 53 prosent av dei som var under 20 år, var imot å senke alderen, medan 44 prosent var for, minner han om. (©NPK)

Les fleire saker om stemmeretten her!

Sjå video frå lanseringa av rapporten om stemmerettsforsøket:

Faktaboks

Fakta om forsøk med 16-års stemmerett

* Ved lokalvalet i 2011 gjennomførte 20 kommunar, i tillegg til Longyearbyen, eit forsøk med stemmerett for ungdom som fyller 16 eller 17 år i valåret. Til saman 9.400 ungdommar deltok.
* Dei 20 kommunane var Austevoll, Gjesdal, Grimstad, Hamar, Hammerfest, Kautokeino, Kåfjord, Luster, Lørenskog, Mandal, Marker, Namdalseid, Osen, Porsgrunn, Re, Sigdal, Stavanger, Tysfjord, Vågå og Ålesund.
* Eit forslag om forsøk med stemmerett for 16-åringar var del av stortingsmeldinga om lokaldemokratiet som vart lagt fram av kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) på vegner av regjeringa Stoltenberg i juni 2008.
* Ved behandlinga av meldinga, slutta Stortinget seg til forslaget frå regjeringa.
* Den viktigaste grunngjevinga for forsøket var å få fleire unge inn i rolla som aktive innbyggjarar i lokalsamfunnet.
* Eit slikt forsøk vart først foreslått av barneombod Reidar Hjermann i 2006, men vart då avvist av forgjengaren til Kleppa, Åslaug Haga (Sp). Men i februar 2008 gjekk Kleppa ut med støtte til forslaget, utan først å ha diskutert saka med regjeringa eller partiet.
* Eit grunnlovsforslag om å senke stemmerettsalderen til 16 år vart i 2010 forkasta med 130 mot 12 stemmer. Eit nytt forslag om det same vart fremma i 2012. Berre Venstre og SV har programfesta dette. Miljøpartiet Dei Grøne vil senke stemmerettsalderen ved lokalval. (©NPK)