Nematodar har vore eit lite prioritert forskingsområde i seinare år. Mangelen på kunnskap vil bli eit alvorleg problem når bruken av kjemikaliar som tiltak mot plantenematodar blir forbode i EU i juni 2014.

Siri Elise Dybdal, Bioforsk
Siri Elise Dybdal, Bioforsk
Faktaboks

Rundormar eller nematodar er ei eiga rekkje av virvelause dyr (Nematoda). Meir enn 28.000 arter er beskrivne, men det finst truleg langt fleire. Målt i tal er rundormane den vanlegaste fleircella dyregruppa på jorda. Rundormane er vanlegvis rundt 1 mm lange og finst i jorda. Det kan vere opptil 38 millionar individ per m2.

Rundormane vert kjenneteikna av langstrakt, glatt kropp, og varierer i storleik frå ein brøkdel av ein millimeter til nesten ein meter. Mange nematodar lever fritt i hav- og sjøbunnsediment, jord eller rotnande organisk material, mens mange andre snyltar på planter, dyr og menneske – og har difor stor økonomisk betyding.

Under norske forhold er rundormar forholdsvis dårlig undersøkt, men ein kjenner ca. 500 frittlevande artar frå sjøen og ferskvatn, forutan ca. 100 artar som parasittar på husdyr.

I Noreg bruker beskrivinga nematodar oftast om planteparasittære rundormar; det vil seie rundormar som er skadedyr på planter.

 

Kjelderr:
www.wikipedia.no og www.snl.no
 

LES FAKTALUKK FAKTA

Plantenematodar er bitte små parasittar som lever fritt i jorda og som skadedyr på planter, mellom anna på røtene der nokre artar kan lage permanente næringsvegar. Den mengda materiale som vert konsumert av ein nematode er liten, men dei er likevel svært øydeleggjande for plantene:

– Røtene er ein livsviktig del av planta. Sjølv om dette er skader under jorda som vi ikkje ser, kan dei føre til kjempetap på avlingar. Skaden frå nematodar er 13-800 gongar så stor som den konsumerte biomassa, fortel Christer Magnusson, seniorforskar ved Bioforsk Plantehelse og ein av dei få nematologane vi har i Noreg i dag.

Auka utbreiing

Ifølgje Magnusson har utbreiinga av nematodar i seinare år blitt større på grunn av den raskt aukande kommunikasjonen og handelen.

– Også volumet i handelen har hatt ei ufatteleg stor auking, seier han.

– Dette har mellom anna betydd større transport av trepallar, som er ein stor fare i forhold til spreiing av furuvednematoden. Denne nematoden kan spreiast gjennom pakkemateriale laga av bartre. Furuvednematoden angrip furuskog og er rekna som ein av dei største truslane mot den globale plantehelsa i dag, seier Magnusson.

– Den har mellom anna gjort stor skade i Japan, Kina, Taiwan og Sør-Korea. I 1999 blei den også oppdaga i Portugal, der den no har spreidd seg i heile landet. For å gi stor skade er nematoden avhengig av ein viss varme. I varmt klima kan eit vakse furutre døy i løpet av ein og ein halv månad".

– Problemet er at den kan leve latent i skog i fleire år. På denne tida har den moglegheit til å spreie seg vidare, påpeikar han.

Magnusson fortel at ein i Portugal har hogd ned ei 20 kilometer tjukk branngate ved spanskegrena for å førebyggje spreiing av furuvednematoden med sine vektorinsekt (furubukkar). Det er også restriksjonar og krav til transport av pallar frå Portugal inn til EU.

– I Noreg skal alle pakke- og støttemateriale av trevirke som brukast ved innførsel av varer vere varmebehandla og merka. Men innan EU kan pallar bevege seg fritt.

– Det er ein stor fordel at vi har eit slikt beskyttelsesnivå her heime, men blir det infeksjon i Sverige vil det likevel bli eit problem for Noreg. Vi ligg jo som ei stripe inntil Sverige.

– Den frie rørsla i EU er ein verkeleg risiko. Det er svært uheldig å stikke hovudet i sanda, åtvarar Magnusson og legg til at skog har ein lang produksjonssyklus – kanskje 70-100 år.

– Så dette er ikkje ein trussel vi ønskjer oss!

Seniorforskar Christer Magnusson ved Bioforsk Plantehelse. Foto: Asle Rønning/forskning.no

QUIZ: Kva veit du om norsk landbruk?

Kjemikalieforbud

I Europa har regulering av nematodar oftast skjedd ved hjelp av kjemikaliar. Nematodar er eit problem mellom anna i potetproduksjon, kornproduksjon og grønsaksproduksjon. I tillegg gjer nematodar også skade på golfbaner, fotballbaner og parkanlegg. I juni 2014 vil EU-direktivet 2009/1107/EC om å avgrense bruken av giftige kjemikaliar settast i kraft. Det kan gjere det vanskeleg for europeiske bønder å behalde avlingane på same nivå utan å bruke kjemikaliar som tiltak mot nematodar. Dette er forventa å skapa store vanskar for jordbruksnæringa med auka nematodebelastning og nedgang i produksjonen:

– Tidlegare har kjemikaliar vore mykje brukt for å nedkjempe nematodar. I mange land har desse forureina grunnvatnet og blitt tatt ut av marknaden. Metylbromid, som i fleire år vart brukt som jorddesinfeksjonsmiddel, er nå forbode i heile verda fordi dette produktet øydeleggjar ozonlaget rundt jorda".

– No skal det bli enda fleire avgrensingar mot å bruke kjemikaliar som tiltak mot nematodar fordi det er svært farleg, seier Richardo Holgado, seniorforskar ved Bioforsk Plantehelse og ekspert på nematodar i kornproduksjon.

Han legg til at for Noreg og nabolanda våre vil forbodet ha lite og seie fordi ein ikkje har nytta slike kjemikaliar sidan 70-talet. Men i land som Nederland, Tyskland, Frankrike og England vil det ha stor effekt.

– Dei kan ikkje oppretthalde produksjonen utan kjemiske verkemiddel. Dette kjem fort til å bli ein alvorleg situasjon, hevder han.

Magnusson er einig: – Nematodar er på ein måte ei tikkande bombe. Allereie i dag ser vi større skade og større utbreiing, seier han.

Han trur direktivet kan få store følgjer til dømes i potetnæringa:

– I Europa er det store problem med å finne areal frie for nematodar for å produsere settepoteter. Ifølgje EU direktivet 2007/33/EG  frå 2007 om tiltak mot potetcystenematodar er det ikkje er lov å dyrke settepoteter i felt med potetcystenematodar. Men desse nematodane kan overleve i 40 år i jorda utan vertsplante.

– Vi er i ein heldig situasjon i Noreg fordi vi har område som har blitt kontrollert i meir enn 50 år utan at det nokon gong er funne potetcystenematodar. I andre land kjem det til å vere svært problematisk å produsere eigne settepoteter, hevdar Magnusson.

Les fleire saker om landbruk her!

Meir kunnskap
I Noreg har resistente sortar vorte nytta mot korncystenematodar i kornproduksjon, men dette er berre ei midlertidig løysing.

– I 2006 hadde vi funne eit tjuetals resistente kornsortar. I dag er det snart ikkje nokon igjen, berre fire-fem. Desse resistente sortane kan ikkje haldast i marknaden for evig, fortel Holgado.

Dersom Noreg skal klare å auke kornproduksjonen med 20% frå 2010-2030 slik det er sett mål om, må vi ha ei satsing på breiare kompetanse, meiner begge forskarane.

– Det er også viktig å understreke at vi her ikkje berre snakkar om ein nematode. Det er fleire artar. Viss du skal nedkjempe dei, må du kjenne biologien til kvar enkelt, forklarar Holgado.

– Det kjem til å bli eit problem nettopp fordi vi manglar kunnskap. Dette er tida for å arbeide med desse problema. Det er ikkje noko vi kan byggje opp over natta. Brei resistens er ikkje så enkelt å få til og tek tid. Mellom anna må vi forstå korleis nematoden ‘snakkar’ med plantene. Dei har over tid lært seg å herme etter signala i plantenes eigne styringssystem, påpeikar Magnusson.

Han fortel at mange av dei som har spesialisert kunnskap, ikkje lenger er tilgjengelige og at det i dag vert utdanna svært få nematologar internasjonalt. Noreg er eitt av få land som framleis utdannar nematologar. Han hevdar også at dei som utdannast i dag ofte manglar erfaring frå felten. Feltnematologi er eit viktig fokusområde i utdanninga av landbruksstudentar.

– Nematologi er ei stor utfordring globalt. Då tenkjer eg også på mange utviklingsland med mykje hushaldsdyrking. Her er ofte kunnskapen minst. Vi må sikte innsatsen vår inn mot dei rette områda og tette att kunnskapshol, både nasjonalt og internasjonalt, seier Magnusson og legg til at ein både treng feltarbeid og bioteknologi for å klare dette.

Les saka hjå Bioforsk!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49

LES OGSÅ

ANNONSE