Underviser på do på overfylt skule

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Må undervise på do

Frå hausten får skulen ytterlegare 20 elevar, utan at to nye klasserom og fleire grupperom blir bygde, noko det er stort behov for, ifølgje Stavanger Aftenblad. Foreldra er bekymra og har bedt rektor Terje Thornquist avklare korleis plassmangelen skal handterast. Han lover å få det til å fungere, sjølv om det blir trongt.

Elevauken kjem av nedleggingar av to mindre skular i kommunen, som ønskjer større skular. Likevel er utbygging av Hjelmeland skule først planlagt i 2015. Dermed kan det bli meir undervisning på do. Det plagar ikkje ordførar Trine L. Danielsen (H).

– At eit stort handikaptoalett blir brukt til grupperom er ingenting å gjere eit nummer ut av, meiner ho. (©NPK)