Mannlege artistar er i overtal på P3 sine spelelister. VG-lista Topp 20 har ofte hatt jamnare kjønnsbalanse enn allmennkringkastaren.

Faktaboks

I P3 vert spelelistene satt saman av musikksjefen, musikkprodusentane og eit utval musikkinteresserte personar i kanalen. Listene består av A-, B- og C-lister. A-lista vert spelt oftast på kanalen, og låtane på dei andre listene blir spelt noko sjeldnare.

Funna i Anna W. Ofstad si oppgåve er berre basert på P3s spelelister, og tek ikkje omsyn til musikk som blir spelt utanom spelelistene på kanalen.

LES FAKTALUKK FAKTA

Spelelistene i ein av Noregs mest populære radiokanalar for unge er i hovudsak prega av mannlege artistar.  Det syner ei undersøking gjort av Anna W. Ofstad.

LES OGSÅ:P3 speler meir norsk musikk

Sju av ti er menn
Ofstad, som frilansar som musikkmeldar for Bergens Tidende, har skrive masteroppgåve om korleis P3 sine spelelister har utvikla seg dei siste tjue åra.

I fleire av periodane Ofstad har sett på mellom 1993 og 2010, har mannlege artistar stått bak 70 prosent av låtane på P3s spelelister. Kvinnelege artistar står i dei same periodane bak mellom 10 og 15 prosent av låtane, medan artistsamarbeid på tvers av kjønn står bak dei resterande låtane.

Skilnadane minskar dersom ein berre ser på A-lista, som er dei songane P3 spelar oftast. Her står mannlege artistar bak 47 prosent av låtane, kvinnelege artistar bak 26 prosent, og artistsamarbeid på tvers av kjønn for 27 prosent i nyare tid. I samanlikning med A-lista frå 1993/94 er dette ein oppgang for kvinnelege artistar. Den gongen låg den kvinnelege delen på 19 prosent.

Undersøkinga syner dessutan at VG-lista Topp 20 har vore meir kjønnsbalansert enn P3s spelelister i fleire periodar. Dette trass i at NRK-plakaten slår fast at P3 har ansvar for å spegle mangfaldet i befolkinga, medan VG-lista er Noregs offisielle salstal for musikkbransjen.

I 2010 var 28 prosent av låtane på VG-lista laga av kvinnelege artistar, mot 19 prosent på P3 sine lister.

LES OGSÅ:Klar med nynorsk Miley Cyrus-parodi

– Speglar bransjen
Ei forklaring på at P3 kjem annleis ut enn den kommersielle lista, kan ifølgje Ofstad vere den høge representasjonen av pop-sjangeren og amerikanske artistar på VG-lista. I ei undersøking gjort på oppdrag for artistorganisasjonen Gramart, av kjønnsforholdet i det norske musikklandskapet, kom det fram at kjønnskilja vart større jo meir lokale eller norske artistane var. Geografisk avstand såg på den andre sida ut til å minske effekten av kjønn på avspeling.

Ofstad fann det same i si oppgåve.

– A-lista til P3 har i nyare tid meir til felles med VG-lista enn dei mindre spelte B- og C-listene. Det vil seie at lista har det høgaste talet på artistar frå USA og den jamnaste kjønnsbalansen. Det kan tolkast som at P3 A-listar fleire kvinnelege pop-artistar frå USA, seier ho.

Madonna, Rihanna og Britney Spears er blant desse artistane. Ofstad peikar i oppgåva på at dette er artistar som dominerer i den internasjonale musikkbransjen, og som dermed ikkje står som dei sterkaste representantane for eit ikkje-kommersielt og alternativt tilbod.

LES OGSÅ:Popstjerne gjorde troll til latter

– Speglar musikkbransjen
Ifølgje Ofstad har P3 vore merksame på kjønnsaspektet. Til dømes har P3-leiinga tatt omsyn til kjønnsbalansen i utvalet som set saman spelelistene, i eit forsøk på medverke til å jamne ut skilnadane i musikkbransjen.

– I likskap med i media og andre offentlege rom, er kvinner underrepresentert i musikkbransjen. Både på produksjons- og utøvarsida er menn i overtal. Som allmennkringkastar har P3 eit større ansvar enn andre kanalar for å vere medvitne på dette forholdet, men eg trur ikkje det er utspekulerte val frå P3 si side som gjer at mannlege artistar dominerer listene. Sannsynlegvis speglar listene berre bransjen, seier Ofstad.

Musikksjef i P3, Mats Borch Bugge, stadfestar at P3-listene er dominert av menn. Han er einig med Ofstad i at det skuldast musikklandskapet.

– Diverre ser listene slik ut. Dei speglar tilfanget frå musikklivet, der det er fleire menn enn kvinner som driv med musikk, både i Noreg og internasjonalt. Ubalansen skuldast nokre uheldige strukturar, seier han.

Ofstad si undersøking syner ein oppgang i talet på kvinnelege artistar det siste året. I 2012 og 2013 går talet på mannlege artistar ned til 65 prosent. Kvinnelege artistar står for 25 prosent av låtane i same periode. Borch Bugge meiner det stadig vert fleire kvinnelege artistar.

– Heldigvis ser vi at stadig fleire kvinner lagar bra musikk. Det ser vi òg att i våre lister, som alltid er ein god representasjon av norsk musikkliv, seier musikksjefen.

Han seier at P3 ikkje kvoterer inn kvinnelege artistar, og at fokuset på å aktivt jamne ut skilnadane var større før.

– Det er òg eit poeng at kvinneandelen er større på A-lista, og dermed at talet på spelingar er høgare for kvinnelege artistar enn ein kan få inntrykk av dersom ein ser på A-, B- og C-listene under eitt, meiner han.

Sjekk ut månadens band!

Mannlege lyttarar
Ifølgje undersøkinga til Ofstad var kjønnsbalansen i utvalet som set saman P3-listene også eit grep som skulle trekke fleire kvinnelege lyttarar.

Då P3 starta opp i 1993, var den typiske lyttaren etter sigande ”[…] ugift, ureflektert, pizzaspisende og øldrikkende. Han foretrekker video og tegneserier, flere plastkort (som han ikke har, men gjerne vil skaffe seg), merkeklær, flere penger, boksing, slalåm, fri porno og bokmål. Han er for EF, forsvarsvennlig og stemmer Høyre/ Fremskrittspartiet”, ifølgje ei undersøking som vart gjort for NRK.

Borch Bugge fortel at kanalen framleis har flest mannlege lyttarar.

– Generelt er lyttarane våre unge, ofte medvitne folk, med sans for musikk og humor, som er glade i kanalen sin. Brorparten er gutar og mange er i overkant av tretti år. Kva politiske parti dei stemmer veit eg ikkje, seier han.

LES SISTE MUSIKK-NYTT HER!

Kari Jahnsen, kjent under artistnamnet Farao, er blant dei nominerte til Årets Urørt og hamnar dermed på A-lista.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49

Kommentarar

ANNONSE