– Modig og riktig av KrFU-leiaren

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Modig av KrFU-leiaren

– Eg forventar at partiet tek denne debatten, og ikkje berre avviser KrFUs leiar, seier fylkesvaraordfører for KrF i Nordland, Peter Eide Walseth, i ei pressemelding.

Den støttande meldinga kjem som ein reaksjon på at KrFU-leiar Emil André Erstad i dag sa til NRK at han meiner det er på tide at KrF endrar syn på ekteskapslova og at homofile får adoptere.

– Det er modig og riktig av Erstad, rosar Eide Walseth, som sjølv har vore aktiv i KrFU.

LES OGSÅ: KrFU-leiar opnar for homofilt ekteskap

Motstand hjå fylkesleiarar
Homofilt ekteskap og adopsjon er eit kontroversielt tema i KrF og KrFU. Fleire av fylkesleiarane i ungdomspartiet har i dag protestert på forslaget frå eigen leiar.

Fylkesleiaren i Oslo-KrFU Espen Frøvold varsla kamp mot forslaget, men seier til NRK at han vil debattere det.

KrFU-leiarane i Rogaland, Vest-Agder, Oslo, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal sendte i dag ut ein e-post med kritikk mot forslaget, ifølgje avisa Dagen.

– Å reversere dagens ekteskapslov, slik at ekteskapet igjen gjeld ein mann og ei kvinne, er ei viktig sak for mange av våre medlemmer, og ei sak eg opplever som svært viktig for KrFU og KrF å stå fast ved, seier fylkesleiaren i Vest-Agder KrFU, Tove Welle Haugland, til Dagen.

Syte for rammer
At KrF no har homofile og lesbiske pars juridiske rettar i sitt nylig vedtekne program meiner Peter Eide Walseth er eit steg viktig steg i riktig retning. Han vonar at denne debatten kan føre KrF enda eit steg nærare ein familiepolitikk for alle.

– Homofile og lesbiske er òg menneskjer med ønskjer om å kunne leva i forpliktande samliv. Det er vår oppgåve som politikarar å syta for at både heterofile og homofile får gode juridiske rammer rundt sitt samliv, seier Eide Walseth, og legg til:

– Valfridom for familien har alltid vore KrFs utgangspunkt for familiepolitikken. Det er då svært underleg at dette ikkje skal gjelde homofile og lesbiske.

– Fast programpunkt
KrF-leiar Erstad meiner det her må skiljast mellom politikk og teologi. Han ynskjer å løfte debatten fyrst i ungdomspartiet så i moderpartiet.

Ifølgje fungerande leiar i KrF Dagrun Eriksen er det lite truleg at partiet vil endre ståstad, men ho er likevel klar for å ta diskusjonen.

– Når det kjem til det som handlar om ekteskapets tidlegare funksjon, nemleg at det berre var heterofile som kunne adoptere og få rett til assistert befruktning, så står nok det programpunktet ganske fast i KrF.