– Ta eit oppgjer med klimanektarane, Erna

Arnstein Vestre (22) frå Ålesund blei søndag samrøystes vald som ny leiar i Natur og Ungdom.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Krev at Erna tek oppgjer

Søndag tok Arnstein Vestre (22) over som ny leiar i Natur og Ungdom. Den nyvalde NU-leiaren går hardt ut mot statsministeren, og krev at ho tek eit oppgjør med klimafornektarane i regjeringa.

– Den norske klimapolitikken har vore prega av handlingslamming under den førre regjeringa, og me har ikkje vore i nærleiken av den reduksjonen av norske klimagassutslepp som me treng. Dei borgarlege seier dei ynskjer at denne regjeringa skal hugsast for handlingskrafta og gjennomføringsevna si. No må dei visa handlekraft over regjeringa sine eigne klimafornektarar og gjennomføringsevne i klimapolitikken her heime, seier den nyvalde NU-leiaren.

Regjeringa Solberg er den første norske regjeringa med statsrådar som ikkje trur på menneskeskapte klimaendringar. Med Sylvi Listhaug og statssekretærane Per-Willy Amundsen og Bård Hoksrud har Noreg no fått ei regjering med sentrale regjeringsmedlemmer som fornektar at klimaendringane er menneskeskapte.

– Dei neste fire åra vil vere heilt avgjerande for klimapolitikken dersom både Noreg og verda skal nærma seg ei løysing på klimaproblemet. Dei siste rapportane frå klimapanelet til FN viser at det hastar meir enn nokon gong å gjera noko med klimaendringane. Det er ein realitet heile Solberg-regjeringa må ta inn over seg, seier Vestre.

Ålesundaren gler seg til å troppa på som leiar i det som er Noregs største miljøorganisasjon for ungdom.

– Eg er glad og stolt for å få lov til å ta over dette viktige vervet. Natur og Ungdom er Noregs viktigaste miljøorganisasjon, eg skal jobba for at han blir større, sterkare og får meir gjennomslag, seier Vestre i ei pressemelding.

QUIZ: Kva veit du om klimaet vårt?