Kråkevik-framsyning på TV

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Prisløna Kråkevik-show til tv

«Kjære landsmenn» fekk komipris både for årets framsyning og årets humornummer i 2012. NRK 1 sender eit opptak frå framsyninga gjort på Det Norske Teatret.

LES OGSÅ: Tener godt på nynorsken

Fosse-nisse
Humornummeret Kråkevik fekk pris for var ei briljant framføring av ulike dialektar gjort i ein robåt.

I «Kjære landsmenn» får publikum også vere med på eit ugløymeleg julebord på Slottet, der Grotten-nabo Jon Fosse er julenisse.

LES OGSÅ: Syng for nynorsken

Bergensborgar
«Kjære landsmenn» vart ein stor publikumssuksess, og Det Norske Teatret sette opp fleire ekstraframsyningar. Kråkevik har sjølv skrive den musikalske framsyninga, som ho kallar ei kjærleikserklæring til fedrelandet.

Herborg Kråkevik skal seinare i år vere med i «Spelemann på taket» på Det Norske Teatret, og flyttar til hausten til Bergen for å spele i musikalversjonen av «Hellemyrsfolket».