87 prosent av nordmenn meiner at Grunnlova er svært viktig, viser ei undersøking gjort til grunnlovsjubileet.

NPK-NTB-Trine Andersen
NPK-NTB-Trine Andersen
Faktaboks

Fakta om grunnlovsjubileet

* I 2014 fyller Grunnlova 200 år. Det skal markerast blant anna i Stortinget og i Eidsvollsbygningen.
* 16. februar er den offisielle opninga. Denne søndagen blir den nyrestaurerte Eidsvollsbygningen overlevert frå Statsbygg til Kulturdepartementet. Dette arrangementet er også ope for publikum.
* 10. april vert det arrangert open dag i Eidsvollsbygningen, og folk vert oppfordra til å komme i historiske kostyme.
* 17. mai – på dagen 200 år etter at Grunnlova vart underteikna – er kongefamilien, Stortinget og regjeringa representert ved det nasjonale hovudarrangementet på Eidsvoll på kveldstid.
* 20. mai vert dagen markert då eidsvollsmennene i 1814 la strid og kranglar bak seg og sverja eiden «Enig og tro til Dovre faller». Ei broderkjede står sentralt i denne markeringa.
* Det blir også fleire arrangement utover året, som vert avslutta med «Jul i Eidsvollsbygningen» 13. og 14. desember. (Kilde: Eidsvoll 1814) (©NPK)

LES FAKTALUKK FAKTA

– Dette viser Grunnlovas sterke symbolmakt i Noreg. Eg trur folk knyter Grunnlova til 17. mai og Noregs sjølvstende. Dette er omgrep som heng saman og som underbyggjer kor viktig det er å løfte fram Grunnlova i eit breiare bilete, seier stortingspresident Olemic Thommessen, som leier hovudkomiteen for Grunnlovas 200-årsjubileum.

Torsdag lanserte han programmet for grunnlovsjubileet 2014 i Lagtinget. Jubileumskalenderen tel allereie nesten 300 arrangement, av dei er 190 inne i det offisielle programmet.

Demokrati
Samtidig lanserte professor Ola Mestad nokre av resultata av ei undersøking som er gjort om den haldinga folk har til Grunnlova og demokratiet. Så mange som 93 prosent meiner Grunnlova er viktig for demokratiet.

– Det er veldig høge tal, sa Mestad, som også kunne presentere tal som viser at berre 5 prosent meiner at EUs lover og reglar bør gå føre Grunnlova.

– Det er nok ein av grunnane til at vi ikkje har så mykje EU-diskusjon i Noreg, sa Mestad, som leier forskingskomiteen for grunnlovsjubileet.

25 millionar kroner er sett av til forskingsprosjekt rundt grunnlovsjubileet, og fredag er det ein stor konferanse i Operaen der resultata av forskingssatsinga skal presenterast nærmare.

Den norske grunnlova er den neste eldste i verda som stadig er i bruk.

Nettstader
Ein eigen nettstad for skular og barnehagar – minstemme.no – blei også lansert torsdag av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H). Han demonstrerte nettstaden saman med seks elevar frå Tromstun ungdomsskole i Tromsø.

– Dette er ein fantastisk læringsressurs som kven som helst kan gå inn på. Han gir ei rask innføring i korleis vi fekk Grunnlova vår, seier Isaksen.

Det er også laga ein eigennettstad for sjølve jubileet, der det blant anna er ein detaljert jubileumskalender. Han viser at det allereie tysdag neste veke er stor markering i Kiel for å markere Kiel-traktaten der Danmark gav Noreg til Sverige.

QUIZ: Kva veit du om Grunnlova?

Kongelege
Sjølve den offisielle jubileumsopninga skjer på Eidsvoll søndag 16. februar. To dagar etter opnar den nyrestaurerte Eidsvollsbygningen for publikum. På Eidsvoll blir det også nasjonalt hovudarrangement 17. mai med dei nordiske kongelege til stades. Før jul vart det bekrefta at det danske regentparet kjem. Torsdag blei det klart at også det svenske kongeparet kjem, etter først å ha takka nei invitasjonen om å delta på grunnlovsjubileet på Eidsvoll 17. mai. Grunngjevinga frå det svenske kongehuset var at kongen ikkje vitjar andre land på nasjonaldagen deira, men nye

opplysningar i saka har fått svenskekongen til å ombestemme seg, framgår det av ei pressemelding frå det svenske kongehuset.

Alle ordførarane er inviterte til felles grunnlovssamling i Oslo 14. og 15. mai. 15. mai er det jubileumsmøte i Stortinget, der også parlamentspresidentane for alle dei nordiske land deltar. (©NPK)

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og stortingspresident Olemic Thommesen saman med Nujan Hussein (12) frå Strømmen skole i Arendal i Stortingets lagtingssal under lanseringa av det offisielle programmet for grunnlovsjubileet 2014 og nettstaden www.minstemme.no for barn og unge. Ho vann konkurransen «Hør min stemme». Bidraget hennar handlar om kor viktig det er at Noreg er eit demokratisk land og at vi bør feire oss sjølve. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE