Draum og dikt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ut av jazzen vaks popen
Historia om popbandet Highasakite startar langt inne i jazzland. Trond Bersu og Ingrid Helene Håvik, dei to grunnleggjarane av bandet, møttest på jazzlina ved universitetet i Trondheim. Trond er trommeslagar, Ingrid er songar – som også spelar siter. Dei starta bandet Highasakite, som altså i starten var ein duo, og som heilt frå starten av spelte musikk som ikkje likna veldig mykje på jazzen som omgav dei på alle kantar.

Men startar det eigentleg enda lenger attende i tid? Han som skulle bli tredje medlem i bandet, Øystein Skar, var nemleg ein gammal kjenning av Trond. Dei hadde spelt jazz saman på musikklina på Vinstra vidaregåande skule. Øystein, som først var klassisk pianist og så jazzpianist, spelar synth i Highasakite. Desse tre var det som skapte det musikalske uttrykket til bandet i den første fasen – medan tekstene er skrivne av Ingrid.

Kritikarar og twitter
Den første utgjevinga til Highasakite var singelen Indian Summer, som vart ein hit først på Internett, seinare på radio, etter at han vart kåra til Ukas Urørt på P3 mot slutten av 2011. Den sommaren hadde bandet vunne Musikkprisen på Giske; det innebar at dei fekk spele inn debutalbumet sitt i Ocean Sound Recordings, som ligg på øya.

Albumet All That Floats Will Rain kom ut i februar 2012 og fekk strålande meldingar av kritikarane. Anmeldaren i Dagbladet meinte utgjevinga var så god at ein (allereie) kunne avlyse resten av musikkåret. Highasakite deltok også på Bylarm det året, og vart eit av dei mest omtalte banda. Som om ikkje det var hype nok, fekk dei rosande omtale av musikkmagasinet Pitchfork og verdsstjerna Bon Iver etter at dei hadde spelt på Øyafestivalen den sommaren. «Det var eit sjukt band, eg digga det!» skreiv Bon Iver på Twitter.

I tillegg til å spele konsertar i Noreg spelte Highasakite i 2012 på festivalar i USA, Island, Nederland og Tyskland. Konsertane vekkjer begeistring, både på grunn av den gode framføringa og den indianar-inspirerte utkledninga.

Turné og nytt album
Det vart mange konsertar også i første halvdel av 2013. Highasakite turnerte blant anna i USA, og spelte på Roskilde-festivalen i Danmark. Men bandet vaks i mellomtida; Marte Eberson, som spelar synth, og Kristoffer Lo, som spelar gitar og tuba – begge med jazz-utdanning – vart med. Dei gjorde dermed bandet om til ein kvintett, og utvida lydbildet noko. Musikken blir ofte skildra som intelligent og draume-aktig pop.

På vårparten gav dei ut ein EP for den internasjonale marknaden. In And Out Of Weeks EP inneheld fem songar frå albumet (som ikkje er gjeve ut internasjonalt). Omtrent samtidig vart Highasakite nominerte både til Spellemannpris og Statoil-stipend.

Idet våren vart varmare, gjekk bandet i studio igjen, for å spele inn andrealbumet. I september sleppte dei første singel, Since Last Wednesday, som straks vart lagd inn på a-lista til både P1 og P3. Albumet skal lanserast samtidig i Noreg og internasjonalt, og kjem ut i februar 2014.

Først publisert i Norsk Barneblad!

Les fleire musikktips her!