Milliardærarvingane studerer utanlands

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sender arvingar utanlands

Ifølgje berekningar frå Finansavisen som er basert på ei liste frå avisa Kapital over dei 400 rikaste personane i landet, har 33 av barna i alderen 21 til 44 år utdanning som er høgare enn vidaregåande skule. Tre av fire av desse har vore heile eller delar av studietida utanfor Norge.

– Det generelle trekket er at uavhengig av korleis foreldra har kome til den økonomisk sterke posisjonen, tek barna ei anerkjent utdanning, og mange vel retningar som gir inntrykk av at dei skal bere arven vidare, seier samfunnsgeograf Karl-Fredrik Tangen ved Markedshøyskolen til Finansavisen.

Berre seks av arvingane har studert ved ein offentleg norsk høgskule eller universitet – halvparten av dei ved Norges Handelshøyskole i Bergen.

Karl-Fredrik Tangen meiner barna av dei rikaste i tida som kjem i endå større grad vil velje eliteutdanningar som gjer det godt på internasjonale rangeringar.

Ifølgje tal frå Lånekassen er talet på norske studentar i utlandet dobla dei 20 siste åra, frå vel 8.200 i 1994 til 16.260 i førre undervisningsår. I tillegg tek rundt 8.100 nordmenn delar av utdanninga i andre land. (©NPK)