Vitamintilskot har for folk flest ingen helseeffekt, ifølgje ein ny britisk-amerikansk studie.

NPK-NTB
NPK-NTB

Det er konklusjonen til ei gruppe britiske og amerikanske forskarar som har gått gjennom fleire ulike studiar utført på vitamintilskot, skriv tidsskriftet Annals of Internal Medicine. Studia omfattar til saman ein halv million personar, skriv Forskning.no.

Forskarane har undersøkt om vitamintilskot (vitamin A, B, C og E) kan redusere kognitive svekkingar som kjem med alderen, som dårlegare minne, men fann ingen effekt av vitamintilskota. Det er også sett på om ekstra tilskot av vitamin og mineral kan ha verknad på risikoen for hjerteinfarkt, på risikoen for slag eller om det kan forlengje levealderen. Dei fann null effekt.

Men forskargruppa stiller seg opne for at tilskot av vitamin D kan ha ein positiv effekt. I Noreg er helsestyresmaktene einige i at kosttilskot er unødvendig for mange av oss.

– Har du eit sunt og variert kosthald, får du i deg det du treng av vitamin gjennom mat og drikke. Men dei som får i seg lite D-vitamin frå til dømes fisk, bør ta tran eller eit anna vitamin D-tilskot om vinteren når det er lite sol. Også spedbarn, eldre over 75 år og grupper av innvandrarar er spesielt utsette for D-vitaminmangel i Noreg, meiner Helsedirektoratet. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE