21.500 besøkande på SoFt

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2013 nådde Sogn og Fjordane Teater (SoFt) eit publikumstal på 21.500. Målsettinga var 19.400 besøkande, så dette talet er SoFt godt nøgde med, ifølgje ei pressemelding.

I 2013 spelte SoFt 201 framsyningar fordelte på ti produksjonar medrekna gjestespel. Verksemda er i hovudsak fordelt på framsyningar i skular og barnehagar og opne framsyningar. I tillegg inkluderer verksemda nokre framsyningar spelte for organisasjonar og bedrifter. Produksjonen som peikar seg ut som største publikumsmagneten var «My fair lady goes Sogn og Fjordane» med 1756 besøkande. Det stykket som vart mest sett i faktiske tal var samarbeidsproduksjonen «Ein god dag kjem aldri for tidleg», som vart vist i tre fylke og sett av totalt 6.491 personar.

Dei siste tre åra har SoFt hatt eit gjennomsnittleg besøk på 19.900 personar.

Les fleire saker om teater her!