Inspirasjon frå far

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ine Kristine Hoem hadde ikkje noko val, ho måtte bli musikar. 

– All drivkrafta mi låg i å formidle, og gleda med å synge og å skape kom framfor dei andre interessene mine. Eg har alltid vore glad i stå på scena, både med musikk og teater, men til slutt fall valet på songen, det var vel der eg opplevde at eg hadde eit talent som eg kunne utvikle vidare. 

Etter kvart vart ho utdanna musikar frå Musikkonservatoriet i Trondheim. 

Kva inspirerer deg?
 
– Eg blir inspirert av andre musikarar, konsertar og innspelingar. Så blir eg inspirert av folk eg møter, opplevingar eg har med vennene mine og familien. Eg har alltid vore glad i å lese bøker, først og fremst norsk litteratur, og finn mykje glede i å gå på kino. Dei siste åra har også naturen inspirert meg mykje, skrivestaden min på Hoem i Fræna er også ein veldig inspirerande stad. 

Sjølv om Ine Kristine har eit namn som stadig fleire kjenner til, er framleis far og forfattar Edvard Hoem ei større stjerne. I 2010 gav ho i samarbeid med Jo Skaansar og far Edvard også ut plata; Den blåaste natt.

– Det var fint å få bidra på den plata, å synge pappa sine tekstar har eg gjort sidan eg var liten, så det  var heilt naturleg. 

– Kva har far din betydd for dine kreative yrkesval? 
– Eg trur nok at det faktum at eg har sett at det går an å leve som kunstnar, har gjort det enklare for meg å våge å gå den vegen. Han har ein enorm arbeidskapasitet som inspirerer veldig. 

– Pappa er eit stort førebilete. Han har jobba som frilansar og forfattar i 40 år, og er fin å snakke med når ein treng råd. 

Ho finn mykje fridom i jazzmusikken. Der følte musikaren Hoem at ho kunne vere seg sjølv, utan å bli bunden av for mange reglar. 

– Den musikken eg held på med no er definitivt ikkje jazz, men eg har tatt med meg mykje positivt frå jazzbakgrunnen min inn i popen.

LES OGSÅ: Feirar fyrste fem år

– Korleis er det at så mange skal bedømme noko du framfører? 
– Det er klart at det er hyggeleg å få positive tilbakemeldingar på det ein held på med. Men eg er min største kritikar og treng ikkje å lene meg på andre sine vurderingar for å vete kor eg er. Positiv merksemd har ofte ein synergieffekt som kan gjere det lettare når ein skal jobbe vidare, men det tenkjer eg ikkje på når eg sit og lagar ting. 

Om 10 år håpar Ine Kristine at ho har gitt ut fleire plater i eige namn. 

– Og at eg er blitt endå flinkare til å skrive låtar. Kanskje eg skriv låtar for andre? Det hadde vore gøy å arrangere ut låtane mine for større besetningar også. 

Erfaringane med å gi ut eigen EP har gått over all forventing. Sjølv meiner Ine Kristine det er heilt spesielt å ha laga noko sjølv, og ikkje minst ha namnet sitt på det. No er ho i gang med debutplata, den første fullengder i eige namn. Den skal etter planen vere ferdig neste haust. 

– Og så gler eg meg til å spele under by:Larm i februar, det blir bra. 
 

LES OGSÅ: Må gjera musikarar til gründerar

Kva er høgdepunktet i karrieren? 
– Det var stort å bli nominert til Spellemann med bandet mitt PELbO. Eg har hatt mange fine opplevingar med det bandet. Då me spelte i Malaysia for 2000 ivrige menneske var også spesielt. Me har og spelt med Trondheim Symfoniorkester med vår eigen låt, og ikkje minst var det stas å bli plukka ut til by:Larm i haust, blant 1500 påmelde. 

Sjølv blir ho påverka av andre sine forventningar. 
– Eg har nok lyst til å prestere maksimalt i alle samanhengar, og blir veldig frustrert om eg møter noko eg ikkje meistrar. Men eg trur at eg lever meir og meir etter prinsippet om at ein lærer medan ein går vegen. At ein ikkje kan vere ekspert på alt, og kanskje at det er greitt å ikkje gjere som forventa. 

– Kva er det som påverkar dei vala me gjer? 
– I stor grad trur eg at me vel ut ifrå oss sjølve, i alle fall når det kjem til intuitive val me gjer på staden. Men i mange tilfelle trur eg me lett blir påverka av andre, enten bevisst eller ubevisst.

LES OGSÅ: Den flygande strikkegenseren