Justin Bieber, Are Kalvø, kriminalitet i bokmålskommunar, øl-tørst fisk, sex og verbbøying fristar lesarane. Dette klikka flest på i 2013.

mm

Aldri før har så mange lese Framtida.no som i 2013. I løpet av året har over 300.000 unike brukarar vore innom nyhende- og debattavisa for unge. Det er ein auke på over 50 prosent samanlikna med året før. Talet på daglege og vekentlege brukarar har også auka. På ei vanleg veke i haust har det vore mellom 8-10.000 unike brukarar på Framtida.no.

I løpet av året har Framtida.no sette fleire nye dags- og vekesrekordar. I oktober sette Framtida.no ein rekord som blir vanskeleg å slå. Då var 50.000 unike brukarar innom på ei veke. Dette skuldast i stor grad førsteplassen på lista over dei mest lesne sakene våre i år – som gjekk som varmt kveitebrød i sosiale medium.

Fleire av debattsakene våre har gått veldig godt, sjølv om berre eitt av dei er inne på lista over dei mest lesne sakene.

Her er dei 20 mest lesne sakene på Framtida.no i 2013:

20. Norsk riks-skitkasting

19. Høyr kva reven eigentleg seier

18. Pass deg for pasta

17. Slektsgransking kan bli vanskelegare

16. Kjempar for kj-lyden med bilde

15. Sikrare sex med vår verbbøying

14. Kan nokon vera så snill å svare meg på dette?

13. – Ikkje ver redd for døve

12. Skal ikkje vera for misjonerande

11. 17-åring bygde kunstig hjerne som finn kreft

10. Vi som har lyst til å bli tatt skikkeleg alvorleg

9. Deler naken-bilete på Instagram

8. Mest sexy nynorsk-brukar kåra

7. Klart for sex-veke på norske skular

6. Øl-svolten torsk

5. As long as you love tentamen

4. Bruk mat som medisin

3. DNA avslører Hitlers jødiske røtter

2. Meir kriminalitet i bokmålskommunar

1. Skandale-regjering

Dette klikka lesarane mest på i 2012 og i 2011!

LES OGSÅ: Klikk deg til meir nynorsk på nett!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49

LES OGSÅ

ANNONSE