Politisk engasjert ungdom

Det nye ungdomsrådet i Sauda kommune vil ha fleire ungdomstilbod i fritida.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har sans for politikk og ønsker å sjå meir korleis dette fungerer. Det er spennande å få vera med å bestemma. Me har ein pott med pengar som me vil påverka til kva dei skal bli brukte til, seier Mary Birkeland.  

– Det er ofte pengar det står på, supplerer Anna Stråbø, som ønsker å vera med i ungdomsrådet for å komma med innspel til politikarane om kva ungdommen vil ha meir av og kva som kan vera aktuelle aktivitetar for ungdommen.

 I 2007 vedtok kommunestyret at det skulle bli etablert eit ungdomsråd for ungdom mellom 13 og 19 år. Målet er at ungdomsrådet skal vera høyringsinstans i saker som vedgår deira aldersgruppe. Ungdom skal kunna komma til ungdomsrådet med saker dei ønsker skal bli drøfta vidare.

LES OGSÅ: Meir ungdomsmakt i kommunane

 Solfrid Løvbrekke Handeland, som er politisk sekretær og fagleiar i kundetorget i kommunen, er sekretær i ungdomsrådet og vil støtta medlemmane i rådet med det administrative arbeidet. Ho håpar dei nye rådsmedlemmane er engasjerte og at dei synast det er kjekt.

 – Dette er ein god mulegheit for å få ting til. Politikarane vil lytta til dei, forsikrar Handeland.  

LES OGSÅ: Vil ha ei hand på rattet


Også ordførar Frode Sulen kjem til å prioritera ungdomsrådets møter for å orientera om saker og lytta til rådsmedlemmane.  For dei fleste i det nyvalde ungdomsrådet blir vervet ei ny erfaring. Dei er spente og lystne på å læra mykje nytt og få gjennomslag for sine ønsker.

 – Me har ikkje hatt møter endå, då det første blir rett over nyttår. Men me kjem til å drøfta ulike forslag til kva me kan tenka oss av fritidstilbod, seier Marte Aardal.

LES SAKA I RYFYLKE!