Her er julesongane musikk-Noreg høyrer på

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Musikk-Noregs julefavorittar

Jula er ikkje berre ei tid for gåver, familie og god mat. Julemusikk er også ein sjølvskriven ingrediens i dei tusen heimar.  

Er du blant dei som høyrer dei same songane jul etter jul kan du kanskje få litt inspirasjon her. Vi har nemleg spurt ulike musikkfolk kva dei høyrer på i jula.

Kaja Gunnufsen (25), artist.
– Min favorittjulesong er Deilig er jorden, spelt av Bugge Wesseltoft på albumet It´s snowing on my piano. Det er ein heilt fantastisk salme, melodien er så fengslande og vemodig. Teksten er òg veldig fin. Versjonen til Wesseltoft er lun og stemningsfull, samstundes som den tilføyer noko nytt til songen.  

– Kor lang tid går det før du blir lei?
– Eg reiser til Cape Town på julaftan, fordi eg skal i bryllaupet til søstera mi i Sør-Afrika. Flyet går frå Gardermoen klokka sju på morgonen og eg må vente åleine i ni timar i London. Då skal eg høyre Deilig er jorden om att og om att. Eg vert aldri lei!  



 Kaja Gunnufsen skal høyre Deilig er jorden om att og om att i jula. Foto: Privat.

Maria Mena (27), artist.
– Min favorittjulesong er Mitt hjerte alltid vanker. Melodien er kruttsterk!  

– Kor lenge høyrer du på songen rundt jul før du blir lei?  
Eg har aldri funne ein versjon eg likar, så eg syng den sjølv – året rundt.  

Egil Olsen (33), låtskrivar og artist.
– Min favorittjulesong er Jeg så mamma kysse nissen. Eg brukte å høyre mykje på den songen då eg var liten. Då var eg veldig redd for at mamma skulle kysse nissen og gå frå pappa. Dei seinare åra har eg innsett for ein klever tekst det faktisk er. Eg tykkjer songen er betre på norsk, fordi trekantdramaet kjem enda betre fram.  

– Kor lenge høyrer du på songen rundt jul før du blir lei?  
– Eg byrjar med julemusikk den 1. desember. Eg har min eigen versjon av songen som eg spelar på konsert. Eg er allereie lei, men skal nok halde ut til nyttår.  

Frank ”Tønes” Tønnesen, (41), visesongar, gitarist og låtskrivar
– Kva er favorittjulesongen din?  
–  Den til Prøysen. Julekveldsvisa.  

– Kvifor det?
 – Vanskeleg å seia. Eg likar Prøysen. Han har allereie skrive om alt det vi andre prøvar skrive om.  

LES OGSÅ: Frå Dylan til Dalane

Pål Moddi Knudsen (26), musikar.
– Kva er din favorittjulesong?  
– Det er Lillebjørn Nilsen med En vise om kinabarna. Det er ein song med tekst av Rudolf Nilsen som vart sloppe på ei plate frå 1973, som heitte På stengrunn. Det er eigentleg ei juleplate, men mesteparten av songane er kommunistiske kampsongar. Songen handlar om kvar julegåvene våre eigentleg kjem frå.  

– Kvifor akkurat den?  
– Fordi den gjev eit viktig perspektiv på jula. Det er ikkje berre kos og kvitmåling.  

– Kor lenge høyrer du på songane rundt jul før du blir lei?  
– Eg både spelar og høyrer på han kvar dag no og vert ikkje lei. Det er jo ein god bodskap.  


Moddi tykkjer En vise om kinabarna gjev eit viktig perspektiv på jula. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

Maria Due, vokalist og musikar.
– Kva er din favorittjulesong?  
Det lyser i stille grender, ein tradisjonell song som eg er vakse opp med.  

Kvifor akkurat den?  
– Eg er vaksen opp i Steindal i Lillesand, i ein kristen familie som song mykje. Me syng alle versa, eg kunne teke mange no. Eg tykkjer den har fin tekst og melodi.  

– Kor lenge høyrer du på songane rundt jul før du blir lei?
 
– Det er ikkje ein song eg høyrer på stereoanlegget. Men det vert kanskje ein song til kveldsmaten med det same eg kjem heim.


Maria Due likar best Det lyser i stille grender. Foto: Kristin Aafløy Opdan

Ronny Brede Aase (27), P3-programleiar.
– Kva er din favorittjulesong? 
– Eg meiner det finst fleire kategoriar av julesongar. Av tradisjonelle julesongar likar eg Vi tenner våre lykter når det mørkner. Marit Larsen og Kråkesølv sin versjon er latterleg fin. Av meir nymotens julesongar syns eg Coldplay sin Christmas Lights er veldig fin.  

– Kvifor akkurat dei?  
– Det er litt sånn med julesongar at dei forsterkar stemninga ved å gi deg assosiasjonar. Vi tenner våre lykter når det mørkner minnar meg om barndommen, til dømes. Og når ein køyrer heim til jul er det obligatorisk å høyre på Driving home for christmas. Då vert gleda endå større. Det handlar om stemning og assosiasjonar.  

– Kor lenge høyrer du på songane rundt jul før du blir lei?
 – Songane dukkar opp på radio og i ulike samanhengar, og kanskje tek eg ei ekstra runde i dagane før jul. Etter julaftan er eg eigentleg ferdig med julesongar.  


Ronny Brede Aase føler julesongar forsterkar stemninga ved å gje assosiasjonar. Foto: NRK P3

LES OGSÅ: Korleis vart du du, Ronny Brede Aase?