Statoil nektar å betala bot
Statoil vedtek ikkje førelegget på 10 millionar kroner etter ein lekkasje i Nordsjøen frå 2002 til 2009. No går saka truleg til retten.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Etter ei grundig vurdering vel vi å ikkje vedta dette førelegget, fordi vi basert på dokumenta i saka ikkje kan sjå at vi har handla i strid med regelverket, seier Øystein Arvid Håland, områdedirektør for Drift Nordsjøen vest i Statoil.
LES OGSÅ: Statoil på liste over klimaverstingar
Påstand om strengare straff
Statoil fekk i oktober eit førelegg på 10 millionar kroner frå statsadvokaten, etter at Bellona melde selskapet for lekkasjar på Veslefrikk-feltet. Lekkasjane blei oppdaga under ein rutineinspeksjon på feltet i 2009.
Ifølgje statsadvokaten har ikkje Statoil halde plikta til å overvake eiga verksemd gjennom fjernmåling for å oppdaga forureining.
– Saka vil normalt bli sendt til Stavanger tingrett for domsavgjerd. Det er vanleg at ein får ein prosessøkonomisk gevinst ved å vedta eit førelegg, så vi vil vurdera å leggja ned påstand om ei strengare straff, seier førstestatsadvokat Harald L. Grønlien.