Slår ring om Liv Signe

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Han får medhald frå fylkesleiar Karen Marie Hjelmeseter:

– Sogn og Fjordane Senterparti har heile vegen støtta opp om leiinga i partiet. Det gjer me framleis.

LES OGSÅ: Duka for oppvask i Senterpartiet

Tillitsproblem
Onsdag la evalueringsutvalet, den såkalla "havarikommisjonen" i Senterpartiet fram rapporten sin onsdag.

Rapporten frå evalueringsutvalet stadfestar mellom anna noko det som har vore spekulert om i media, både før og etter stortingsvalet. Nemleg at tilhøvet mellom dei som sit i toppleiinga i partiet har vore prega av mangel på tillit.

– Me opplever at det i valkampen i år var den naudsynte tilliten mellom våre fremste tillitsvalde ikkje til stades, seier Bengt Fasteraune, ordførar i Dovre kommune og leiar i evalueringsutvalet i ei pressemelding.

LES OGSÅ:Sp kraftig ned i Sogn og Fjordane

Syner kjensler
Solheim i Lærdal seier at Navarsete no blir framstilt heilt annleis enn han kjenner ho.

– Eg har møtt ho i mange samanhengar, både når ho er stressa, er under press eller i meir lystige lag. Eg har ikkje opplevd ho på den måten ho no blir framstilt. Eg tykkjer også det er viktig at me har folk som torer å syna kjensler og stå for det dei meiner. Det er imponerande at ho ikkje har blitt ein glatt politikar, Liv Signe er Liv Signe, uansett.

Solheim legg til at Navarsete også har ein enorm arbeidskapasitet.

– Det er ikkje alle som kan ta på seg alt det ho gjer.

LES OGSÅ: Aarebrot trur Sp kan byte beite

Nest størst
Hjelmeseter seier at Sp i fylket slår ring om heile partiorganisasjonen, ikkje berre leiinga.

– No har eg ikkje lese rapporten og tek atterhald om det. Men eg har skjøna det slik at dette er ei evaluering av valkampen og valet. Akkurat det tykkjer eg det er OK at me gjer. Det er viktig å få signal på kva me kan bli betre på og kva me er gode på, seier Hjelmeseter, som syner til at Sp vart det nest største partiet i fylket ved valet i haust.

– Det syner at Liv Signe har god tillit her. Men me skal sjølvsagt ta med oss det som kjem fram i rapporten og jobba vidare med det. Slik sett er det vel heller ikkje berre Sp som har forbetringspunkt og har lyst å gjera ting betre.

LES OGSÅ: Senterpartiet rasande på NHO

Kjerneveljaren
Leiaren i evalueringsutvalet, Fasteraune i Dovre kommune, skriv at for utvalet ser stortingsvalet 2013 ut for å ha vore ein kamp om partiets kjerneveljarar.

– Det står fram som ein kamp med nebb og klør for å sikra kjerneveljaren. Partiet gjekk i stor grad bort frå to av dei utvalde hovudsakene i valkampen, og valde i staden å profilera seg på mat og saker om kommunestruktur, kommuneøkonomi og differensiert arbeidsgjevaravgift.

Liv Signe Navarsete karakteriserer rapporten som ærleg, viktig og grundig rapport.

– Den er tankevekkjande og alvorleg, sa ho på pressekonferansen.

–Takhøgde, ærlegdom og eit stort engasjement frå Senterpartiet pregar rapporten. Den inneheld grundige annalysar og kritiske element. Summen av rapporten er ein marsjordre til alle som som er glade i Senterpartiet om å jobba saman for å skapa politiske resultat også i framtida.

Held fram
Hennar stilling i partiet var ikkje eit tema, kom det fram på pressekonferansen.

– Det er ikkje krav i organisasjonen om endringar i leiinga. Vurdering av eigen stilling er difor ikkje tema. Me skal no drøfta korleis me skal få fart på partiet, seier ho.

Saka var først publisert i Sogn Avis.