Får kritikk for klappjakt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Fortset ho denne linja, kjem ho ikkje til å kunne fortsette som leiar ut 2015 ein gong, seier Lerø til NTB.

LES OGSÅ: Slår ring om Liv Signe

Lekkasjeproblemet
Etter at Senterpartiet la fram den interne granskingsrapporten, har Navarsete gitt uttrykk for at kritikken i rapporten er eit mindre problem enn lekkasjane frå granskinga. Ho vil «røykje ut» dei som står bak.

Ifølgje NRK ønskjer Navarsete at generalsekretæren i partiet skal intervjue alle dei ni medlemmene av utvalet bak rapporten.

Lerø er overraska over at Navarsete vel å gå til kamp mot dei som ho meiner opptrer illojalt.

– Dersom du finn fram til namna på dei som har leke rapporten, kva for eit problem har du då løyst? Det er så dumt, meiner redaktøren, som påpeikar at det skjer lekkasjar i alle parti, og særleg når det er interne spenningar.

LES OGSÅ: Sp kraftig ned i Sogn og Fjordane

– Destruktivt
Kommentator Harald Stanghelle i Aftenposten er også kritisk til at Senterpartiet «brukar det meste av energien til å fordele skuld».

– Det er eit lærestykke i destruktivitet, skriv han.

Stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) er ueinig med Navarsete i at lekkasjane er det største problemet.

– Eg trur eigentleg vårt største problem er at vi må bruke så mye tid og energi på alt som har vore, evalueringar og krangling. På eit eller anna tidspunkt må vi berre brette opp ermane og arbeide, seier ho til VG.

LES OGSÅ: Aarebrot trur Sp kan byte beite

Nåla i høystakken
Bjarne Undheim, leiar for fylkespartiet i Rogaland, sat i utvalet, men forsikrar overfor NRK at han ikkje er den som har gått ut med opplysningane. Han oppfordrar partileiaren til å droppe kjeldejakta.

– Vi har fått ein rapport på bordet som skildrar ganske mange ting som Senterpartiet skal gjere. Det er det som er viktig, og så må vi ikkje bruke tida på å leite etter nåla i høystakken, seier Undheim.

Han får støtte av partifelle og tidlegare landbruksminister Terje Riis-Johansen.

– Eg synest ikkje det er noen prioritert oppgåve å drive kjeldejakt, seier han.