Med spenning i kroppen

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mogelegheitene er store viss ein vil nok, men det er viktig at foreldre og rettleiarar tek vare på nye dommarar frå starten av.

Nyleg fekk 25 år gamle Torbjørn Eidhammer frå Vestnes internasjonal dommarstatus. Det gjer han til Noregs einaste og Europas yngste FIFA-futsaldommar.

Raskare, tettare og meir offensivt
– Eg er veldig glad. Å bli FIFA-dommar er noko av det største ein kan oppleve som dommar, og eg er takksam for den tilliten UEFA og NFF syner, seier Torbjørn.

Den Ålesund-busette 25-åringen byrja som fotballspelar og –dommar, og trakk etterkvart innandørs til areanaen for futsal. Der vart han følgt opp av gode dommarrettleiarar og dei to siste sesongane har han dømt i eliteserien i futsal.

LES OGSÅ: Her slår han verdsrekorden

– Futsalmiljøet i Noreg er veldig bra. Futsal er òg ein av dei idrettane som veks raskast i Noreg. I futsal er tekniske ferdigheiter viktige, og mange utespelarar ser nytten av å trene inne i vinterhalvåret, seier Torbjørn.

Ifølgje FIFA-dommaren har futsalkampar ei eiga spenning.

– Spelet går føre seg på ei mindre bane, med reglar som skapar eit offensivt spel. Til dømes har keeper fire sekund på å spele frå seg ballen, og vi spelar med akkumulerte frispark. Etter det femte frisparket får ein straffespark frå ti meter, så det lønner seg ikkje å lage frispark. Heile tankegangen i futsal er offensiv, og spelet handlar om taktikk og teknikk. I tillegg går det fort.  Hamnar du bakpå i byrjinga, så vert det mål imot ganske raskt, fortel han.

Eit raskt, tett og offensivt spel gjer dommaroppgåva krevjande. I futsal er det ikkje lenge mellom kvar gong det er utfordrande.

LES OGSÅ: Med karate som drivkraft i livet

– Dei tette situasjonane er mange, og som futsaldommar må ein gjere avgjersler på ein brøkdel av eit sekund. Dommarjobben er både artig og krevjande, seier han.

Ei spaning i kroppen
Som FIFA-dommar ventar både landskampar og internasjonale oppdrag. Målet og draumen er store meisterskap. Det er ikkje Torbjørn som vil snakke om dei ubehagelege sidene ved dommarlivet, men vi må likevel spørje.

– Jo, eg blir nervøs. Ein har alltid ei spenning i kroppen før ein kamp. Samstundes veit eg korleis eg skal takle ulike situasjonar, og før kampar møtast vi alltid i dommarteamet og førebur oss. Det er klart vi gjer feil av og til, men vi prøver sjølvsagt og unngå det.

Torbjørn vedgår likevel at han enkelte gongar har mest lyst til å grave seg ned. Som den kampen då ballen gjekk bak mållinja og Torbjørn dømde utspel. Spelarane gjorde seg likevel klare til corner, og i laupet av nokre sekund var ballen i mål. Torbjørn trudde meddommaren hadde dømt corner, og lot spelarane gå imot avgjersla hans.

– Laget som fekk mål imot hadde fått med seg at eg dømde utspel og hissa seg opp. Eg svarde at den andre dommaren, som var hovuddommar, hadde dømd corner. Då det kom fram at den andre dommaren ikkje hadde dømt noko og eg måtte annullere målet vart det heftig. Då hissa det andre laget seg opp. Dette var i dei siste ti sekunda av kampen og temperaturen vart rimeleg høg, fortel Torbjørn.

LES OGSÅ: Blei europameister

– I slike situasjonar kan ein ikkje dømme kort i alle retningar.

Når Torbjørn er i dommarmodus er det likevel mest artig.

– Eg veit ikkje om ein må vere spesielt tøff for å bli dommar. Det viktigast er støtta frå folk rundt, foreldre og veiledarar. Eg kjenner både ferske og erfarne dommarar som gir seg fordi dei får nok. For ferske dommarar kan det bli særleg vanskeleg å halde fram utan god støtte, seier han.

Ein idrett i vekst
Morten Engebretsen jobbar med dommarutvikling i futsal for Noregs fotballforbund og har vore ein av støttespelarane til Torbjørn. Han stadfestar at futsal er ein idrett i vekst.

– Vi ser at stadig fleire krinsar startar futsallag som eit alternativ til fotball. Futsal føregår innandørs og krev ikkje store baner eller eit stort støtteapparat. Dermed er det ikkje vanskeleg for små stadar å starte opp. Ein treng i prinsippet berre seks spelarar. I tillegg er regleverket ordna og spelet er tilpassa tekniske spelarar, seier Engebretsen.

Han er nøgd med den nyslåtte FIFA-dommaren.

– Vi hadde tre gode kandidatar og hovudmålet var at éin skulle bli valt ut. Torbjørn har synt engasjement, vore stabil, fått gode tilbakemeldingar og er dommaren med størst utviklingspotensiale i eliteserien, seier han.

Med sine 25 år er Torbjørn akkurat innanfor minstekravet, og Engebretsen har langsiktige planar.

– Status som FIFA-dommar er det øvste og for Torbjørn er dette ein draum. Det verkelege arbeidet byrjar no. Vi kjem til å arbeide langsiktig, med mange landskampar framover.

Einaste norske
Omar Rafiq var Noregs første FIFA-futsaldommar. Ettersom han gav seg i fjor, ligg ansvaret no på Torbjørn sine skuldre.

– Det var synd at vi mista Omar som futsaldommar, men han er framleis med som veiledar og er ein stor ressurs. No tenkjer eg først og fremst at Noreg og alle dommarane i eliteserien må prestere godt. Målet er at at vi får éin FIFA-kandidat til neste år, seier Torbjørn.

Han bryr seg lite om at futsal framleis utspelar seg i skuggen av fotballen.

– Fotball er langt større, men for min del vart fotballdømminga mest som ein hobby. I futsalmiljøet var det mogelegheiter og her har eg det veldig gøy, seier han.

LES OGSÅ: 45 amerikanske jomfrufødslar