Ærespris til Oddgeir Bruaset

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bruaset har leidd NRK-programmet gjennom 11 år. Der portretterer han folk som har valt å bu på ei fjellhylle, på ein holme eller på ein veglaus gard.

– Når eg først skal få ein slik pris er det stas at det nettopp er frå denne stiftinga. Det er viktig å vere medvitne på kulturarven og røtene våre, seier Oddgeir Bruaset til NRK.

LES OGSÅ: Unge ambassadørar for gamle mattradisjonar

Skulle vore pensjonist
Sjølv om det er menneska og draumane deira som står sentralt i serien, set stiftinga Norsk kulturarv pris på formidlinga av kulturlandskap og gamle bygningar.

– Denne serien gjer oss nordmenn merksame på og stolte av kulturarven vår, seier direktør i Norsk kulturarv Erik Lillebråten.

Oddgeir Bruaset skulle eigentleg bli pensjonist etter den tiande sesongen, men no er tolvte runden av serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» under produksjon. Desse episodane vert sende i 2014.