Godt utkome – litterært sett

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

BOK: Skamlaust treffande!

Roman: Jeg kommer snart

Forfattar: Selma Lønning Aarø

Forlag: Flamme forlag

Utgjeve: 2013

Alle masar om at Julie skal kome: Mannen hennar, borna, au pairen og veninnene. Ho har forsøkt fleire nasjonalitetar, ho har hengt opp ned frå ein takbjelke under akta og ho har vore med både menn og kvinner, men ho har aldri kome. Seksuelt sett.  

Er det noko gale med ho?

Julie set seg føre å kome [til botns i saka]. Ho kjøper ein vibrator, smørar niste og låser seg inne på soverommet. Alt ligg til rette for at ho snart skal kome – ho har til og med orgasmegaranti frå Kondomeriet.

LES OGSÅ: Akkurat passe kåt

Medan Julie held på inne på soverommet tenkjer ho tilbake på si første seksuelle oppleving i førarhuset på ein lastebil i gata der ho vaks opp. Ho tenkjer på blottaren som ville at ho skulle ta på penisen hans, og på jenta som alle sa var nymfoman. Ho tenkjer på nabokona til bestemora som vart utsett for valdtektsforsøk og ho tenkjer på den gamle dama som døydde fredeleg medan Julie las høgt frå Venusdeltaet av Anaïs Nin for ho. Ho tenkjer på den polske handverkaren som får kroppen hennar til å opne seg og ho tenkjer på journalisten frå Dagbladet som har fått ho til å tru at det er noko gale med ho.

Er det noko gale med ho?

Julie har tenkt mykje (kanskje for mykje) på dette med orgasmen og ho slappar ikkje av når ho ligg med mannen sin. ”[…] og den som ikke slapper av, får heller ikke orgasme.”

Difor lèt ho som. Ho spelar. ”Man kaller det ”selve akten”. Altså er det et teater, altså er vi skuespillere som forsøker å tilfredsstille hverandre, forsøker å late som.” Og Julie har alltid late som: ”Etter en stund ser han oppriktig bekymret ut og lurer på om jeg er nymfoman. Da girer jeg litt ned, slik at jeg ikke skal fremstå for kåt.”

Selma Lønning Aarø skriv skamlaust treffande om kjønnsliv, lyst og skam. Forteljinga om Julies uthaldande forsøk på å få seksuell utløysning er underhaldande litteratur.

Sjølv om ho er intim, unngår ho å verte for privat og er difor relevant også utanfor hovudpersonen sitt soverom. Boka handlar ikkje berre om Julie, ho handlar også om kvinneleg seksualitet. ”For hundre år siden skulle ikke en kvinne ha lyst. Det var skammelig.” No derimot vil kvinner være kåte: ”[…] passelig kåte. Ikke for kåte, det blir ufint, og skamfullt, på samme måte som det er skamfullt ikke å være kåt.”

Når alt kjem til alt – kva er det eigentleg som gjer Julie tilfredsstilling? Og kva gjer ho for å tilfredsstille dei rundt seg? Det er på alle andre område dei som masar på Julie og vil at ho skal kome. Dei etterlyser inga orgasme.

Kjem ho til slutt? Eller kjem ho fram til ei anna løysning på dei spørsmåla ho stiller?