Duka for oppvask i Senterpartiet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lekkasjane har vore mange frå evalueringsrapporten, noko Navarsete sjølv har reagert kraftig på.

– Det er så illojalt. Det er øydeleggjande for partiet at vi har personar som lek. Vedkomande bør stå fram, fordi det var veldig få personar som kjende til dette, fastslo Sp-leiaren i eit intervju med NTB sist fredag.

Tysdag, dagen før rapporten skal opp til behandling i Senterpartiets sentralstyre, kunne ho notere seg heilhjarta støtte frå fylkesleiar Tore-Jan Gjerpe i Finnmark.

LES OGSÅ: Sp kraftig ned i Sogn og Fjordane

– Kampanje mot Navarsete
I ein intern e-post som Aftenposten har fått tilgang til, slår Gjerpe fast at lekkasjane er del av ein «systematisk, målretta og regissert kampanje» mot Navarsete.

– Det er tydeleg at nokon vil skade oss, seier Gjerpe til avisa. Han vil ikkje kommentere e-posten nærmare og påpeikar at det er illojalt å lekke han til Aftenposten.

Det var VG som først omtalte delar av innhaldet i evalueringsrapporten for eit par helgar tilbake. Ifølgje avisa får Navarsete hard medfart, ikkje minst for framferda si i TV-debattar, der ho ifølgje eitt av fylkeslaga til partiet stod fram dårleg førebudd, nervøs og usikker.

Også nestleiarane Ola Borten Moe og Trygve Slagsvold Vedum får kritikk, til liks med den sentrale partiorganisasjonen for strategien og gjennomføringa av valkampen. Senterpartiet fekk 5,5 prosents oppslutning i valet i haust, det dårlegaste resultatet sidan stiftinga i 1920.

LES OGSÅ: Aarebrot trur Sp kan byte beite

– Splitta parti
Det visstnok dårlege personlege forholdet mellom Navarsete og Borten Moe er også tema i evalueringsrapporten, ifølgje fleire medium. Kjelder Aftenposten har snakka med, slår fast at leiinga var splitta, noko som opplagt ikkje er gunstig ved inngangen til eit valår.

Liv Signe Navarsete har sjølv ikkje ønskt å kommentere innhaldet i lekkasjane direkte, men leiinga i Senterpartiet vil halde ein pressekonferanse i etterkant av sentralstyremøtet onsdag. Då vil sjølve rapporten også bli offentleggjort.

Fylkesleiar Per Inge Bjerknes i Østfold Sp leidde eit liknande evalueringsarbeid på vegner av partiet i 2011. Konklusjonen den gongen var at partiet skulle vere tidlegare ute med klare standpunkt, prioriteringane skulle kome tydelegare fram og tillitsvalde skulle vere tryggare på bodskapen.

Overfor NRK slår Bjerknes fast at partiet har kome til kort når det gjeld klårleik og tryggleik. Han meiner dette er ei forklaring på haustens svake valresultat.

– Vi hadde ikkje tydeleggjort kva vil ville med dei ulike saksområda, og det skapte også utryggleik i TV-debattane, seier Bjerknes til NRK.