mm
Fakta

 Tønes

• Frank Tønnesen (fødd 1972)

• Visesongar, gitarist og låtskrivar frå Hauge i Sokndal, Rogaland

• Debuterte med albumet «Rett te håves» (1996)

• Fekk Prøysenprisen og to Spellemannsprisar for «Sån av Salve» (2012) 

LES FAKTALUKK FAKTA

 – Eg er på etterskot med julepresangane. Vi menn er litt treige med den slags, seier Frank Tønnesen, rogalendingen med artistnamnet Tønes.

For tida deltek han på ein førjulsrevy på Sogndalstrand kulturhotell, der julebordsgjester får servert ei blanding av sketsjar og  songar. Men han lengtar etter rolegare dagar.

– I jula skal eg ha fri frå spelinga, og berre vera familien min. Eg har sambuar og to barn, fortel artisten, som er busett i Sokndal.

LES OGSÅ: – Frigjerande å skriva på dialekt 

Suksess og terningkast
Det har vore eit travelt og innhaldsrikt år. Nyleg vart han tildelt Dialektprisen til Norsk målungdom. Tidlegare i år, i mars, vann Tønes to spellemannsprisar, Årets tekstforfattar og Årets visesong.

Han blir altså sett pris på langt utanfor sitt eige dialektrike, og har ei rekkje tilhengjarar over heile landet. Tønes sjølv er litt usikker på kva som er oppskrifta bak suksessen.

– Det byrja som ein leik, og eg prøvar enno å sjå på det som ein slags leik. Du må lausrive deg frå alt rundt, og så berre skrive det som kjem, seier han.

Tønes er kjent for låtar med nære og kvardagslege tema, framført på sitt eige Haua-mål. Mellom anna har han ei vise som heiter Yatzy, som altså handlar om det å spela Yatzy. Men kan det liggje noko djupare meining bak desse songane?

– Eg skildrar ting eg synes er fint eller trist. Når eg skriv, tenkjer eg ikkje at det skal liggje noko bak. Men samstundes, om ein greier å beskrive noko i livet på ein skikkeleg måte, vil det kanskje vera ei djupare meinig der utan at ein tenkjer over det.

LES OGSÅ: Jonas Alaska påverka av bygda 

Stille tid med Dylan
Tønes har også framført eit knippe Dylan-låtar på norsk. Mellom anna har Time passes slowly vorte til Tio står stille og Girl from the North country til Jento ifrå Helgeland.  Låtane er så langt ikkje gitt ut, men spelt på radio. Dei skriv seg frå eit samarbeidsprosjekt, der Håvard Rem først har omsett til bokmål, og Tønes deretter til sitt eige mål. Tønes fortel at han har likt Dylan sidan 16-årsalderen.

– Det er noko med måten han framfører songane sine på. Han høyrest ikkje ut som nokon annan. Tekstane skil seg ut. Det er noko ein forstår, samstundes som det er noko ein ikkje forstår. Det er ein mystikk over det. Og så er det fine melodiar, og han verkar som ein fyr som gjorde som han ville, meiner Tønes.

Fleire strengar
Planane for neste år er ikkje så konkrete enno.

– Eg har tenkt å sortere litt i alt eg har liggjande av idear til nye songar, fortel rogalandsartisten.

Kan du røpe noko?

– I revyen eg held på med no, er det ein song som handlar om folk som kjem på besøk utan å seia frå på førehand. Så eg skal vel skrive noko om kor moro det eigentleg er å få besøk.  

Tønes er opphavleg elektrikar.  Han har spelt så mykje at han har hatt rekneskapsførar i elleve år, og trur han har kunna levd av musikken sin dei siste seks åra. Men han har likevel jobba litt som elektrikar innimellom.

– Eg har ikkje tenkt å slutte med musikken, men eg likar å vera elektrikar også, så vi får sjå korleis det går, seier han.

Helst harde pakkar
Snart er det jul. Og sjølv om Frank Tønnesen ikkje har gåvene under kontroll enno, fortel han at han iallfall har baka ei krydderkake. Ho vart ikkje heilt steikt, så han vil prøve ein gong til. Elles meiner han at han er betre til å eta kaker. Kakemenn er favoritten. Ved sidan av eit slag med sjokolade inni, som han ikkje hugsar heilt kva heiter. 

Høyr Tønes spele på NRK-programmet Lindmo:

Kommentarar

ANNONSE