Feirar fyrste fem år

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jubileum for jazzskule

Det starta med at John Taylor ville gjera jazzen tilgjengeleg for unge vossingar.

Etter ei tid var det nokon som tok til å bli veldig gode, og etter kort tid var nivået i skulen svært høgt.

I dag er ei rekkje av elevane studentar ved nokre av landets fremste utsdanningsinstitusjonar innan jazz, mellom anna den vel rennomerte jazzlina i Trondheim og på Musikkhøgskulen i Oslo. I kveld spelar dei saman med toppfolk frå London for å hylla jazzskulen.

LES OGSÅ: Vossa Jazz 2013 best i verda

Aldri jazz utan jazzskulen
Viljar Dyvik Sellevold er ferdig utdanna ved jazzlinja i Trondheim, og prøver no å livnæra seg som musikar. Han seier jazzskulen har spelt ei avgjerande rolle.

– Det var veldig viktig for meg, eg fekk oppleva ei ny type musikkundervisning. Eg forsto at skal ein bli god, må ein leggja ned mykje arbeid. Eg hadde ikkje kome dit eg er i dag med berre musikklinja, så Voss Jazzskule har hatt alt å seia, fortel Viljar.

Tarjei Kjerland Lienig er samd med kameraten. Tarjei går no det som vert kalla kandidatstudium i utøvende improvisasjon ved Musikkhøgskulen i Oslo, og var fyrste eleven hjå John Taylor på Voss.

For Elisabeth Lid Trøen, som no studerer jazz i Trondheim, var Voss Jazzskule det som skulle til for at ho byrja spela saxofon. Ho seier det aldri hadde blitt jazz utan jazzskulen. Alle desse tre er no framstormande, unge og norske jazzmusikarar som skal leva av musikken.

Også Signe Lygre Førre har bestemt seg for å satsa på musikk, og har til og med valt å bruka fleire år på vidaregåande for å få tid til å øva skikkeleg.

LES OGSÅ:  Linda Eide til Vossa Jazz

Jazzmusikarar frå 11 år
I kveld spelar bandet Nordic Warriors konsert i Osasalen. Gruppa er sett saman av Elisabeth Lid Trøen, Viljar Dyvik Sellevold, Tarjei Kjerland Lienig, Bjørnar Kaldefoss Tveite og Kim Christer Hylland frå Voss Jazzskule, og to britiske musikarar frå samarbeidsskulen Tomorrows Warriors i London.

Den eine er Denys Baptiste, som ifylgje The Times tek Europa med storm og er i ferd med å bli ikonet for britisk jazz. Han har også studert ved same konservatorium og under same lærar som John Taylor i si tid gjorde. Den andre som er med i kveld, er Laura Jurd. Ho er 23 år, og skreiv tingingsverket til London Jazz Festival i år.

– Det meste av musikken Nordic Warriors skal spela er komponert av Viljar. Også Tarjei har komponert ein og kanskje får me høyra komposisjon av Elisabeth også, seier John Taylor.

Sundag blir det jubileumskonsert på Store Ringheim, der deltek elevar frå 11 år og oppover saman med Nordic Warriors. Totalt er det 18 musikarar, pluss Denys Baptiste, som skal delta.

– Her blir det også ein del musikk komponert av Linda M. Lavik. I tillegg så debuterer Oda Steinkopf som komponist på denne konserten, opplyser jazzskulesjef Taylor.

Saka var først publisert i Avisa Hordaland.